Det opplyser Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Helleland (H) og Venstres parlamentariske leiar Terje Breivik i dag.
– Dette er strålande nyhende! No får vi «flybensin» til å setje fullt trykk i arbeidet med å skape ein ny, framtidsretta modell for å skape sterke, samordna statlege kompetansemiljø i distrikts-Noreg. Det seier ordførar i Stad, Alfred Bjørlo (Venstre).
– Statens Hus-pilotordninga har vore ei viktig sak for Venstre nasjonalt. Eg er svært glad for at vi no både har fått ordninga på plass og har fått på plass finansiering for Stad kommune og dei andre pilotkommunane. Dette er framtidsretta distriktspolitikk som eg trur vil setje varige spor, seier Venstres parlamentariske leiar Terje Breivik.
– På Nordfjordeid er det i dag fleire små og på sikt sårbare avdelingar av ulike statlege etatar. No kan vi med støtte heilt opp på Regjerings-nivå gå i gang med å bygge eit samla, robust og framtidsrettta statleg fagmiljø på Nordfjordeid i nært samspel mellom Stad kommune og staten – som kan syne veg for distrikts-Noreg elles. Vi vil også invitere inn Vestland fylke i prosjektarbeidet, seier Stad-ordførar Alfred Bjørlo.
Kontaktinformasjon:
Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Helleland, KMD
Terje Breivik, parlamentarisk leiar Venstre, mobiltlf 994 91 315
Alfred Bjørlo, ordførar i Stad (Venstre), mobiltlf 480 82 652