Kvart år har både Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre pleidd å dele ut ein miljøpris til nokon i fylket som har utmerkt seg som forkjemparar for miljøet det siste året.
Styret for det samanslåtte Vestland Venstre ønskjer å fortsetje med den tradisjonen og inviterer medlemmene til å kome med framlegg på verdige kandidatar for 2020.
Prisen kan gå til ein person, ei bedrift, ein organisasjon eller ei aksjonsgruppe.
Fylkesstyret er jury for kåringa og prisen vil bli delt ut under fylkessamlinga i Bergen 14.-15. november.
Framlegg på kandidatar sendast fylkessekretærane på e-postadresse: [email protected]
Frist er 7. oktober
Framlegget ditt må ha ei grunngjeving med litt nærare informasjon om kandidaten.
Som retningsliner har t.d. Hordaland Venstre tidlegare utarbeidd desse statuttane:
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, klima, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt i eigen organisasjon t.d. energiøkonomisering.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt for å skapa bærekraftige lokalsamfunn.
Desse har fått prisen i Hordaland dei siste åra:
2019: Bysykkelen «Ruben»
2018: Eidesvik Offshore ASA
2017: Forskarar ved UiB (dei med «plasthvalen»)
2016: Lund Hovedgård AS Bioretur
2015: Bærekraftige liv på Landås
2014: Bildeleringen i Bergen
2013: Besteforeldrenes Klimaaksjon
2012: Bedrifta Bergen Engines AS
2011: Bedrifta Den Grønne Sykkel
2010: Ungdomsråda i Granvin og Ulvik
2009: M/S Snarveien
Tidlegare vinnarar av Sogn og Fjordane Venstre sin Miljøpris:
2018: Fjord1
2017: Nekst AS
2016: Lefdal Mine Datacenter
2015: Nor Tekstil AS
2014: Sogn jord- og hagebruksskule
2013: Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe