Venstre tok dette opp i møte 22. juli, og i dagens formannskap gjekk administrasjonen gjennom korleis slike saker vert følgde opp, og korleis arbeidet framover kan styrkast.
Diverre finst det saker som allereie har venta lenge nok. Forureining og forsøpling som krev tilsyn og tiltak no. Venstre vil følgje dette nøye framover, vi kan ikkje akseptere at forsøpling og ureining held fram, til fare for menneske, dyr og miljø.
Vi har alle meldeplikt, og kommunen har ansvar for å følgje opp. Sogndal tek mål av seg å vere ein grøn kommune, det må då prege politikken vår, både i stort og smått.