Torsdag 9. juli besøkte kulturminister Abid Q. Raja Florø og øya Kinn – i Kinn kommune.
Med seg hadde han også statssekretær Gunhild Berge Stang og politisk rådgjevar Emma Lind.
Statsråden besøkte den nyrestaurerte Kinnakyrkja frå 1100-talet og møtte eldsjeler frå Kinnaspelet.
Det årvisse Kinnaspelet (første gang framført i 1985) har samla 100.000 tilskodarar på øya Kinn vest av Florø.
I år vart spelet avlyst grunna koronakrisa.
I Florø fekk statsråden presentasjonar om Fjordbase og INC Gruppen ved Beate Grønnevik og Karen Nilsen, og Steinvik Fiskefarm ved Erlend og Alex Vassbotten.
Møtet var på Horne Brygge, og gründer og dagleg leiar i A til Å og Horne Brygge, Malvin Horne, helsa statsråden velkomen.
Du kan sjå fleire bilete på våre Facebooksider.