Vestland Venstre og leiarvalet i Venstre

Logo Venstre
Logo Venstre, Venstre

Vestland Venstre behandla i styremøte 27. mai innspel på personar til leiartrioen som vi sendte til valkomiteen. Det hadde kome innspel frå 17 lokallag og frå alle sideorganisasjonane til fylkesstyret i denne runden. Desse innspela er også oversendt valkomiteen i Venstre, som utfyllande bakgrunnsvedlegg.

I og med at valkomiteen har bedt om at dette blir halde internt, kjem vår offentliggjering av innspelet først når valkomiteen har kunngjort si innstilling.

Vestland Venstre tenkjer at Venstre har mange gode folk som kan gjere Vestland og Norge grønare, handtere trusselbilete klima og miljø står overfor, bidra til at fleire kan skape og behalde sin eigen arbeidsplass, leggje til rette for ein god skule der alle får teke ut sitt potensiale, samt skape og oppretthalde eit samfunn med tryggleik for liv og helse.