Det veks og gror i Venstre – Møt nokre av dei nye lokallagsleiarane våre

E.Rotihaug

I 2020 er vi i Vestland Venstre i den kjekke situasjonen at vi har ein del nye lokallagsleiarar. Lokallagsleiar er eit viktige verv. Eit godt og fungerande Venstre-lokallag er faktisk med på å skape eit betre lokaldemokrati i den enkelte kommune. Vestland Venstre har sett seg føre å ha «revolverintervju» med alle dei nye lokallagsleiarane. I denne artikkelen, som er første del i serien, skal du få bli kjent med lokallagsleiarane i fire kommunar: Katrina Øvsthus Stavenes i Voss, Merethe Reksten Hopland i Askøy, Ane Breivik i Bergen og Janne Elin Alsaker i Stryn.

Katrina Øvsthus Stavenes, Voss Venstre

«Korleis kom du inn i Venstre?», spør Vestland Venstre. «Pappa sat i styret til Voss Venstre då eg var yngre, så noko har nok kome inn der. Og så tok Knut Olav R. Nestås kontakt med meg for nokre år sidan, for å høyre om eg var interessert i å, i fyrste omgang, kome inn i styret som vara. Eg hadde lite kjennskap til politikk, og såg på dette som ei moglegheit til å læra meir. Og så var det så interessant, og så mange flinke folk som sat i styret at eg fortsette» fortel lokallagsleiaren på Voss.

Katrina Øvsthus Stavenes, leiar i Voss Venstre

«Det viktigaste oppdraget for Venstre lokalt trur eg at det å vera ei kritisk røyst som stiller spørsmål er ein viktig funksjon som Voss Venstre har. Nokon som utfordrar det etablerte. Eg meiner og at me er eit parti som vågar å tenkje nye tankar, og sjå nye løysingar på utfordringar. Nasjonalt meiner eg at det er viktig at me finn måtar til å få samfunnet opp og gå igjen, etter Covid-19. Næringsminister Iselin Nybø sitt innspel om å dele opp fleire offentlege kontraktar slik at mindre bedrifter kan vera med på konkurrere om desse ser eg på som veldig positivt. Det er viktig at og dei små bedriftene vert levedyktige igjen, og dette kan vera positivt for konkurransen i fleire bransjar. Som lokallagsleiar trur eg at me må vera flinke til å «ta litt plass» i lokale media, og me har potensiale til å nå ut til mange om me er gode på å nytta sosiale media. Eg er ikkje i tvil om at mange deler vårt syn på saker, me må berre finne ein måte å nå dei på. No byrjar ting å gå seg litt til på Voss. Tinghuset er no ope att, og frå denne veka av så er det 50/50 med heimekontor og oppmøte på kontoret for min del. Og det gler eg meg veldig til,» seier Katrina Ø. Stavenes.

Merethe Reksten Hopland, Askøy Venstre

«Før Stortingsvalet 2017 hadde eg store problem med å finne ut kor eg høyrde heime politisk. Eg las meg opp på programma til dei ulike partia, og eg la merke til at familiepolitikk, det er det berre Venstre som frontar tydleg. Eg følte at her var eit parti som ser heilskapen og som torer å snakke for foreldre, born, dyr og andre som ikkje kan eller maktar å snakke for seg sjølv. Så vart det til at eg stemde Venstre ved valet og sidan voks tanken på at dette er noko eg vil ta del i. Kort tid etter valet melde eg meg inn i Venstre. Tilfeldigvis gjekk eg på årsmøtet for lokallaget i 2018, og plutseleg var eg med i styret. Sidan har eg vore aktiv.

Merethe R. Hopland, leiar i Askøy Venstre

Det viktigaste oppdraget for Venstre, tenkjer eg er familiepolitikk generelt, barnehage og skulepolitikk. Natur og miljø er områder Venstre er god på og må fortsette å halde fokus på! Å kjempe kampane for menneske som er sjuke eller lir av avhengigheit, slik som rus er også veldig viktig. Lokalt jobbar vi mykje med demokratispørsmål med openheit kring prosesser og miljøsaker. Og den fine balansen om kor næring skal utviklast og kor bustadar skal byggast, dette er saker som ofte engasjerer lokalbefolkninga veldig. For meg er det viktig at Askøy Venstre må være synleg og ha tydeleg politikk! Vi må møte veljarar på saker og der dei er og ser oss. Sosiale media og lokalavis er viktig for å nå ut. Opne medlemsmøte eller stands gjev molegheit til å drøfte saker med menneske som kanskje ikkje har partitilhøyring enno. Det er en flott måte å nå ut med våre saker og å få kunnskap om kva som rører seg», seier Merethe engasjert.

«Kva tenkjer du om valkampen som kjem i 2021?» spør Vestland Venstre.

«Venstre er nøydd til å samle seg om dei store sakene og vere villig til å stå i medvind, så vel som motvind. Det er spesielt viktig frem mot valet neste år», slår Merethe Reksten Hopland fast.

Ane Breivik, Bergen Venstre

Ane Brevik, leiar i Bergen Venstre. Foto: Erika Melhus

«Eg melde meg inn i Venstre i 2013, då kampen mot oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja stod på for fullt. Det var miljøprofilen som lokka meg inn, men det hjelpte også det at eg kunne forankre mange andre verdibetraktningar – fridom, fellesskap, sosial rettferd – i ideologien til Venstre.

Mange av dei overordna oppgåvene til Venstre står både lokalt og nasjonalt. Korleis legg vi til rette vi for grøn omstilling på lag med næringslivet? Korleis skapar vi mest mogleg fridom til enkeltmennesket, samtidig som vi tek vare på dei svakaste i samfunnet? Dette er utfordringar vi må ha i tankane i Bergen og nasjonalt, utfordringar det ikkje finst klare svar på. Utfordringar som krev eit sterkt Venstre.

Eg vart lokallagsleiar rett før koronakrisa, og har opplevd at denne situasjonen punkterte ein del av planane så langt, som lokallagsleiar. Eg trur eit lokallag der ein kan ha eit fellesskap med folk ein deler grunnleggjande verdiar og synspunkt med. Og då treng ein møteplasser, trur eg. Så eg håpar vi klarer å auke aktiviteten no som korona-avgrensingane vert letta på.»

«Gler du deg til den kommande valkampen?», spør Vestland Venstre.

«Eg har nettopp blitt vald som ungdomskandidat for Vestland Unge Venstre til Hordaland valkrins, så ja eg gler meg utruleg mykje til å drive valkamp i 2021!» avsluttar Ane Breivik.

Janne Elin Alsaker, Stryn Venstre

«For meg er det viktig at Venstre står på for distrikta, ikkje minst nasjonalt. Det er eit mål å tilretteleggje for levedyktige og gode lokalsamfunn i by og på land og fleire framtidsretta arbeidsplassar. Det må vere gode vilkår for bedrifter og gründerar, særleg i distrikta.

Janne Elin Alsaker, leiar i Stryn Venstre

Venstre må prioritere miljøspørsmål og rein natur. Det skal vere lett å leve miljøvennleg, og grønt skifte i transport og næringsliv skal vere sjølvsagt. Stryn Venstre skal gjere Stryn til ei endå betre kommune å bu i, med tilbod og omsorg for alle aldersgrupper, vi skal skaffe det næringsarealet og dei tomtane som trengs for tilflytting og auka busetnad. Det skal vere gode og trygge vegar til alle grendalag, og betre kollektivtilbod i kommunen og til nabokommunane, Ikkje minst skal vi sikre gode skular og barnehagar, med trygge og lærerike oppvekstmiljø og kvalifiserte lærekrefter. Som lokallag skal vi vere synlege i lokalsamfunnet, snakke med folk, fremje Venstre sin lokalpolitikk; bruke heimeside og Facebook-side / Instagram på ein god og regelmessig måte. Ein til ein-verving fungerer – eg vart ein del av Stryn Venstre ved at Torstein Tvinnereim verva meg. På den måten får eg og fleire sjansen til å bidra i demokratiet vårt og lokalmiljøet vårt. Den sjansen bør også ungdom få, eg vil at Stryn Venstre skal vere eit godt lokallag for ungdom.»