Venstre sitt ordførarnettverk er tilfredse med at regjeringa avviser innføring av ein grunnrenteskatt. Det er i tråd med landsmøtevedtaket i Venstre i 2019, etter initiativ frå Venstre sine fylkeslag på kysten. Dette sikrar eksisterande og nye arbeidsplasser i næringa, gir auka verdiskaping, vekst i innbetaling av ordinære skattar og avgifter samt auka matproduksjon i Noreg.
Vi støttar modellen som no blir foreslått med innføring av ei produksjonsavgift, som blir tilført Havbruksfondet og fordelt til kommunane og fylkeskommunane etter gitte nøklar.
Venstres ordførarnettverk meiner likevel det er av avgjerande at vertskommunen sine inntekter frå havbruk må haldast oppe på minimum dagens nivå. Regjeringa har foreslått å løyve 1 milliard frå vederlaget frå tildelingsrunden i 2020 og i 2021 til havbrukskommuner og fylkeskommuner. Det vil vere ein betydelig reduksjon samanlikna med fordelingsnøkkelen som gjeld i dag.
Når Stortinget skal handsame dette forslaget i RNB 2020, ber vi Venstre arbeide for at Stortinget legg til grunn at den kommunale delen av auksjons- og salsinntektene frå tildelingsrunden i 2020 og 2021 blir vesentleg auka samanlikna med Regjeringa sitt framlegg, og då minimum til 60 prosent kommunal del.
Av sals- og auksjonsinntekter frå auka kapasitet og nye løyve frå og med 2022, forslår regjeringa at 25 prosent går til kommunal sektor. Det medfører i sum ei stor inndraging av inntekter frå vertskommunane til staten.
Havbrukskommunane har ein betydelig kostnad ved å legge til rette for oppdrettsnæringa, og det er prinsipielt viktig for Venstre at ein legg til rette for auka lokalt handlingsrom og styrking av inntektsgrunnlaget knytt til lokal verdiskaping.
Venstres ordførarnettverk krev difor at Stortinget i handsaminga av revidert nasjonalbudsjett aukar den kommunale delen av sals- og auksjonsinntektene frå auka kapasitet og nye løyve til oppdrett betydeleg.
Uttalelse fra Venstres ordførernettverk, 4. juni 2020