– Myr er viktige økosystem for ei rekke sårbare artar, og drenering av myrområde fører til store klimagassutslepp. I fjor fekk regjeringa gjennomslag i Stortinget for å forby nydyrking av myr. Dette var ein viktig Venstre-siger frå regjeringsforhandlingane. I dag kom forskrifta som gjennomfører dette i praksis og forbodet trer i kraft umiddelbart, seier Rotevatn.
Lagrar karbon
Å hindre at område med myr blir drenerte og øydelagt, er ei viktig klima- og miljøsak. Myr lagrar store mengder karbon, det er heim for eit rikt artsmangfald og myra har ei unik evne til vassregulering ved å ta opp store mengder vatn og gje dette gradvis ut. Forslaget til forbodet mot nydyrking av myr har vore grundig konsekvensvurdert og har vore på høyring.
Det har forsvunne betydelige område med myr til nydyrking kvart år. Til klimakonvensjonen har vi meld inn at utan forbod ville Noreg nydyrka om lag 4000 dekar årleg, men nyare berekningar frå NIBIO er lågare, nærare 2 000 dekar per år.
Viktig for klimaet
– Utsleppa frå myr som blir dyrka opp skjer ikkje berre dei åra grøftene blir gravne, men i tillegg i dei neste 50 åra. Derfor er det vi gjer no viktig også for framtidige utslepp, seier Rotevatn.
Det er berekna at eit generelt forbod mot dyrking av myr vil gi ein samla utsleppsreduksjonen for perioden 2021 – 2030 på mellom 450 000 og 900 000 CO2- ekvivalentar.
– Alle må gjere sitt
Den matjorda vi allereie har dyrka opp er svært mykje betre eigna til matproduksjon enn den jorda som finst i myrane, som berre eignar seg til produksjon av gras, og nokre stader til rotfrukter. Dei myrane som var mest næringsrike og best eigna til jordbruk, er allereie for lengst dyrka opp.
– Parisavtala inneber at vi må nå balanse mellom opptak og utslepp av klimagassar om nokre tiår. Det krev at vi snur utviklinga på land frå å ha store netto utslepp til å ha netto opptak. Dette er ei enorm utfordring der alle må gjere sitt, inkludert jordbruket, seier Rotevatn.