– Venstre har fått fullt gjennomslag for våre viktigaste saker i høyringsfråsegna Vestland fylke no sender om ny Nasjonal Transportplan. No ligg alt til rette for eit tryggare og meir miljøvenleg Vestland.
Det seier Venstre sine fylkestingsrepresentantar, Alfred Bjørlo og Geir Kjell Andersland, etter at Fylkestinget i Vestland i går vedtok si høyringsfråsegn til Nasjonal Transportplan 2022-2033.
Venstre i Vestland gjekk til val på to tydelege prioriteringar når det gjeld samferdsle:
- Vi skal ha trygge, framkomelege vegar som reduserer reisetida i fylket vårt; der trafikktryggleik får høgste prioritet.
- Vi vil utvikle kollektivtilbodet i heile fylket, og spesielt for å løyse miljø- og trafikkproblema i Bergen. I Bergens-området må kollektivsatsing kome først, og Bybanen må byggast ut vidare.
– Det er ei stor glede å kunne seie at det er nettopp desse prioriteringane Venstre har fått gjennomslag for, med rassikring av E16 og jernbanen mellom Bergen og Voss (utbygging av K5) som Fylkestinget sin hovudprioritet av nye, store prosjekt, seier Bjørlo og Andersland.
– Venstre har også løfta fram at vi må få ei samla satsing på E39 som hovudvegen nord/sør på Vestlandet. Venstre står fast ved visjonen om ein ferjefri E39 på sikt – men først må vi prioritere vegen mellom ferjene, slik at alle flaskehalsar som i dag er farlege og manglar gul stripe blir rusta opp. Dette har no Fylkestinget slutta seg til, i tillegg til at vi generelt prioriterer rassikring, betre standard på fylkesvegane og ei balansert satsing på betre samferdsle i alle deler av Vestland, også i distrikta. Vi er også tydelege i kravet om at alle prosjekt i Vestland som ligg inne i dagens NTP og enno ikkje er starta opp, må få rask oppstart. Det gjeld mellom anna E134 Seljestad-Røldal og Stad Skipstunnel, seier Alfred Bjørlo.
– Ei sterk satsing på betre kollektivtrafikk er nødvendig både for å gje folk eit betre liv i kvardagen, reinare luft og å kutte klimautslepp – særleg gjennom å bygge ut betre infrastruktur for kollektivtrafikk i og rundt Bergen. Venstre har fått gjennomslag for at Staten i større grad må bidra i finansieringa av store kollektivprosjekt i Bergen, herunder minst 70 % av kostnadene til vidare utbygging av Bybanen til Åsane, og avsetjing av midlar til lenging av Fløyfjellstunnellen til Eidsvåg i den forbindelse, seier Geir Kjell Andersland og legg til at Regjeringa må følgja opp intensjonane i barnas transportplan med midler til trygge skulevegar og andre tiltak retta mot barn og unge.
– Vi er glade for at Vestland fylkesting no set eit klart krav om at ny NTP må bidra til å nå klimamåla om kraftig reduserte klimautslepp, mellom anna gjennom å få fortgang i elektrifisering av luftfarten, sterk sykkel- og kollektivsatsing og krav om at nye samferdsleutbyggingar må ta større omsyn til jordvern, klima og miljø, seier Alfred Bjørlo og Geir Kjell Andersland.