Senterpartiet, Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre samlar seg om NTP

Foto Bård Mangerøy

Utbygging av Arna – Voss og Vossabanen er hovudprioritet, og satsing på E39 ligg i fellesframlegget som blir lagt fram i fylkestinget i morgon tysdag 12. mai.

– Me merkar oss at sentrale representantar frå regjeringspartia gjev oss støtte i betydninga av å både få rassikra E16 og å få bygd ferjefri E39. Me føreset at løyvingane vert prioritert i første del av planperioden, og er oppteken av at det i Vestland fylke vert gjeve midlar både til å starta store prosjekt og mindre prosjekt, slik at det balanserer utviklinga i fylket, heiter det i framlegget som samarbeidspartia vil leggja fram i fylkestinget i morgon.

Det er liv og helse som må prioriterast først, og partia held fast på tidlegare vedtak om rassikring av E16 og Vossebana, og utbygging etter K5-alternativet for ny E16 og Vossebana som hovudprioritet. Vidare understrekar partia behovet for auka løyvingar til å ta att vedlikehaldsetterslepet av fylkesvegnettet og til rassikring i tråd med nasjonal rassikringsgruppe sine prioriteringar.

Samstundes opprettheld partia ei målsetjing om ein ferjefri E39 som den mest sentrale transportkorridoren for heile Vestlandet. – E39 må prioriterast som hovudferdselsåre med tilstrekkeleg standard for å binde landsdelen saman. Det må utarbeidast ein samla plan for utbygging av denne ferdselsåra. Bygging av kryssing over Langenuen må startast raskt. Vegane mellom fjordkryssingane må prioriterast med to felt og gul midtstripe heile vegen, skriv dei fire partia i framlegget.

Samarbeidspartia peikar i uttalen på at Vestlandet sine store utfordringar i grunnleggjande infrastruktur og er tydelege på at det nå er Vestlandet som må prioriterast i komande NTP. Framlegget understrekar også at prosjekta som ligg inne i første del av gjeldande NTP må startast opp i inneverande periode. Det gjeld fleire tiltak på E39 og E134, og Stad Skipstunnel.

Her kan du lese fråsegna frå Vestland fylkesting – Nasjonal transportplan 2022-2033

Kontaktinformasjon:

Gruppeleiar i Vestland Sp, Aleksander Øren Heen: 911 34 842

Gruppeleiar i Vestland Ap, Anne Gine Hestetun: 995 64 643

Gruppeleiar i Vestland KrF, Trude Brosvik: 913 14 389

Gruppeleiar i Vestland Venstre, Alfred Bjørlo: 480 82 652