Engasjement, bærekraft og mangfold – Nye mål i kulturmiljøpolitikken

Økt vektlegging av gjenbruk av den eksisterande bygningsmassen, inkludert freda og verneverdige bygningar og anlegg, er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa, sier klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (v). På bilete ser vi bymiljø frå Odda i Vestland fylke., Foto: iStock

På fredag la regjeringa og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn fram den nye kulturmiljømeldinga for Stortinget. Meldinga introduserer eit nytt samlebegrep: kulturmiljø. Dette dekker omgrepa kulturminne, kulturmiljø og landskap. Kulturmiljøomgrepet understrekar tydinga av heilskapen og samanheng, og gjer tilknytinga til resten av klima- og miljøpolitikken.

Kulturarven – ein viktig del for berekraftig utvikling

Med denne meldinga løftar regjeringa tydinga av kulturmiljø i samfunnet vårt; frå å vere objekt- og tilstandsfokusert, til å synleggjere verdien av kulturarven som ein viktig del av eit heilskapleg arbeid for berekraftig utvikling og FNs berekraftsmål. Regjeringa presenterer 3 nye nasjonale mål om engasjement, berekraft og mangfald.

Stadsidentitet, næringsutvikling og gode miljøløysingar

– Kulturmiljø omgir og gjeld oss alle! Kulturmiljø er viktig for utvikling av byane, stadene og landskapet rundt oss. Det skaper stadsidentitet, næringsutvikling og gode miljøløysingar. Derfor engasjerer ulike kulturminne og kulturmiljø så mange. Og derfor er det viktig å sikre gode vilkår for frivilligheten i kulturmiljøarbeidet, sier Sveinung Rotevatn

Medverknad og lokal forankring

Sveinung Rotevatn
Medverknad og lokal forankring er heilt avgjerande når det gjeld planlegging og utvikling og der kulturmiljøverdiane blir tatt vare på seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V)

– For skal vi lykkast med det grøne skiftet, må vi samarbeide – på tvers av fagfelt og forvaltningsnivå. Private eigarar og frivillige er viktig aktørar å samarbeide med for at vi, saman, skal kunne ta vare på kulturmiljø. Medverknad og lokal forankring er heilt avgjerande når det gjeld planlegging og utvikling og der kulturmiljøverdiane blir tatt vare på. I meldinga vil eg derfor rette merksemd mot at alle skal kunne engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø, sier Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Arealeffektivt og miljøvennleg

Kulturmiljø er eit felles gode, og ein viktig samfunnsressurs som bidra til både miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Kulturmiljømeldinga understrekar at om Noreg skal kunne nå berekraftsmål 11 om berekraftige byar og samfunn innan 2030, må vi forvalte byane og lokalsamfunnet våre arealeffektivt og miljøvennleg, samtidig som vi tar vare på lokal egenart, arkitektur og kulturmiljø.

Økt vektlegging av gjenbruk av den eksisterande bygningsmassen, inkludert freda og verneverdige bygningar og anlegg, er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa.

Sveinung Rotevatn, klima- og miljøminister (V)

God og heilskapelig samfunnsplanlegging

Gjennom god og heilskapelig samfunnsplanlegging vil kulturmiljø vere ein positiv ressurs og ein del av løysinga på samfunnsutfordringane i vår tid. Historiske bygningar og kulturmiljø, både i og utanfor byane, kan medverke til stadidentitet og stader der det er godt å leve. Det bidreg til økt livskvalitet.

Sirkulær økonomi

Både av omsyn til klima, ressursbruk og økonomi vil det vere samfunnsnyttig å leggje til rette for gjenbruk og istandsetting av kulturminne og kulturmiljø, som ein del av ein satsing på sirkulær økonomi. Økt vektlegging av gjenbruk av den eksisterande bygningsmassen, inkludert freda og verneverdige bygningar og anlegg, er eit viktig bidrag i arbeidet med å redusere klimagassutsleppa, sier Sveinung Rotevatn

Last ned og les stortingsmeldinga: «Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken — Engasjement, bærekraft og mangfold»