Verda, landet og kommunen vår er i en krisesituasjon med koronapandemien. Vi i Kinn Venstre bidrar i kommunestyret, formannskapet, helse- og velferdsutvalget og andre arenaer lokalt til at vi som kommune og våre innbyggjarar skal kome best mogleg gjennom situasjonen. Vi har ein god dialog med Venstre nasjonalt og regionalt for å påverke verkemiddelbruken i denne situasjonen.
Før vi vil kommentere litt av det vi gjer politisk så vil takke alle dei som gjer den største innsatsen, dei som bidrar til å halde hjula i samfunnet i gang: Helsepersonell, reinhaldarar, butikktilsette, transportarbeidarar og mange andre. Og takk til alle i kommunen som gjer sitt for at vi skal kome oss gjennom situasjonen: Dei som har heimekontor, dei som held sosial distanse sjølv om det er vanskeleg, dei som har måtte stenge bedriftene sine på dagen. Vi heiar på dykk!
Oppdaterte råd og informasjon finn du på helsenorge.no
Følgjande fem punkt er spesielt viktig for vårt arbeid i denne situasjonen:
– Liv og helse må kome først. Kommunen si politiske leiing må vere fleksible og raske med å stille midlar til disposisjon for dei tiltaka som fagfolka våre meiner er fornuftige og viktige lokalt.
– Vi må først og fremst tufte måten vi møter koronasituasjonen på med å følge nasjonale råd og påbod.
– Kommunen må ikkje stoppe opp. Det er viktigare no enn nokon gong at kommunen gjennomfører prosjekt som kan sikre lokale bedrifter og arbeidsplassar. Kommunen må kjøpe varer og tenester på ein bevisst måte for å sikre lokale arbeidsplassar og verdiskaping.
– Det lokale folkestyret må arbeide som før, men jobbe annleis. Vi må møtast på video og ikkje i same rom. Vi har gått i front for brei politisk involvering lokalt, på ein effektiv måte. Det har vi også fått gjennomslag for.
– Vi må lytte til dei som har skoen på. Har du innspel til korleis Venstre kan bidra lokalt og nasjonalt til korleis arbeidsplassen din, lokalsamfunnet og landet kan kome seg best mogleg gjennom krisa vil vi veldig gjerne at du tar kontakt med oss. Vi kan gjere mykje lokalt og vi har god kontakt med nasjonale politikarar.
Jan Henrik Nygård på talarstolen på eit landsmøte i Venstre.
Ta gjerne kontakt med oss om du har innspel:
Jan Henrik Nygård, nestleiar i Vestland Venstre og medlem av landsstyret: 480 13 161
Jacob Nødseth, gruppeleiar i Kinn Venstre, medlem av formannskapet og helseutvalet i kommunen: 480 13 162
Det aller enklaste om du sender ein e-post til [email protected]
Både Jacob Nødseth (til høgre på biletet nedanfor) og Edvard Iversen (til venstre) har hatt lesarinnlegg på trykk i lokalavisene i koronasituasjonen. Desse kan du lese nedanfor.
(For ordens skuld så er biletet tatt i 2019, i god tid før det vart viktig å IKKJE stå så nær som Jacob og Edvard gjer her…)
Kinn kan kome styrka utav krisa, men det kjem ikkje av seg sjølv
Jacob Nødseth, Kinn Venstre sin gruppeleiar (Kronikk i Firdaposten 8. april 2020)
Frå alle fløyar i Stortinget blir det lagt til grunn at coronasituasjonen sin påverknad på norsk økonomi blir ulik noko anna vi har sett i vår generasjon. Arbeiderpartiet sin leiar, kloke Jonas Gahr Støre, seier til VG 30. mars at «gjenoppbyggingen etter coronakrisen blir den mest omfattende i etterkrigsgenerasjonens levetid». Det er venta at krisepakkane vil auke i omfang: Staten må bruke store pengar for å få fart på økonomien. Erfaringane vi gjer oss som samfunn kan forandre korleis vi organiserer oss også etter krisa. Eitt døme er at vi no kan og bør tenke nytt om korleis statlege og regionale arbeidsplassar blir lokalisert og organisert. I det store biletet kan Kinn på fleire område såleis kome styrka utav krisa, men det kjem ikkje av seg sjølv.
Liv og helse må kome først i den situasjonen vi står i. Rekordhøg arbeidsløyse, konkursar og andre økonomiske utfordringar vil vedvare over tid og truleg forverre seg. Det er og blir dramatisk for mange. Som kommune må vi vere om oss, omstille oss og finne gode prosjekt i heile kommunen som kan bidra til å få fart på norsk økonomi generelt, og våre lokalsamfunn spesielt. Vi treng ein kreativ dugnad og samarbeid mellom enkeltpersonar, bedrifter, tillitsvalde, politiske parti, frå alle delar av kommunen, om små og store tiltak. No kan vi ikkje agere med solospel og etter dei to hovudmåtane for politisk «strategi» i vår region over tid: 1) Innfallsmetoden og 2) La det skure-metoden.
No må vi løfte fram velgrunna prosjekt som vi kan få statlege midlar til å realisere, heilt eller delvis. Kommunen må vere klar til å endre prioriteringar i vårt eige budsjett på 1,6 milliardar i drift og fleire hundre millionar kroner i årlege investeringar. Det manglar ikkje på offensive og gode prosjekt, men det har over tid mangla på handlekraft og evne til å faktisk gjennomføre desse. No må vi, for ein gongs skuld, klare å omsette tankar til handling. For ein gangs skuld må vi ikkje berre ha planar og intensjonar, no må vi vise at vi kan få til noko!
Tre konkrete døme på prosjekt i Florø (av mange) som vi no bør løfte fram er etter mi meining:
– Realisering av sjukehuseigedomen til ei kraftsatsing på eldreomsorg. Omsorgsbustadar, sjukeheimsplassar, klausulerte leiligheiter for friske eldre. Rehabiliteringstilbod som kan tilby tenester også regionalt/nasjonalt. Samlar vi alle heildøgnstenester for eldre i Florø i aksen Florø omsorgssenter – sjukehuseigedomen – Docen/Sunnfjord Medisinske Senter, kan det vere ein nasjonal pilot for samhandling som hevar kvalitet og effektivitet. Det er i ei nasjonal interesse å legge forholda til rette for ei slik satsing.
– Med Venstre som drivkraft er det gradvis blitt ei forståing i kommunen for det store potensialet som ligg i å utvide Florø lufthamn mot vest. Over Ausa, mot Furøya og Færøya er det forholdsvis enkelt å realisere store areal til lengre rullebane og næringsareal – tett på havet og det verdiskapingspotensialet som ligg der. Medan lufthamnene på Bringeland og Sandane er stengt ned, så er det aktivitet på Florø lufthamn. Eg kan vanskeleg sjå eit betre høve til å gjere festtalar om satsing på havrommet og berekraftig verdiskaping til ein realitet enn her i Norges vestlegaste by.
– Florø ligg langt framme med hydrogenprosjekt der ein har eit heilskapleg perspektiv på produksjon av hydrogen som energiberar til m.a. hurtigbåt. Fjord Base og Fjord1 samarbeider om konkrete prosjekt, og mange andre aktørar som Hub for Ocean gjer ein formidabel innsats for å gripe moglegheiter og skape verdiar. No må Enova og andre statlege aktørar satse på slike prosjekt for å skape berekraftige verdiar og innovasjonar. Dette er ikkje tida for å spare, no må ein opne lommeboka og satse.
I tillegg er det eit sjølvstendig poeng korleis coronasituasjonen på kort tid har bidratt til at samfunnet kan løyse oppgåver og arbeide på nye måtar. Smitteverntiltak, heimekarantene mv. har tvunge fram digitalisering. Mange, meg sjølv inkludert, har erfart at heimekontor og digitale møte fungerer overraskande mykje betre enn mange tidlegare har tenkt. Ein ting er politiske møte, men som advokat har eg erfart at også forhandlingsbaserte rettsmøte kan gjennomførast på videolink med hell. Dette viser at det praktisk er mogleg å arbeide saman, sjølv om ein ikkje sit saman.
Det er sjølvsagt forskjellpå å sitte heilt aleine og på å ha eit arbeidsmiljø for trivsel og fagleg samspel rundt seg. I småbyane våre landet over må vi klare å skape arenaer der staten og fylkeskommunen saman med næringsliv og kommunen bygger klynger av kompetansearbeidsplassar, som Peak-prosjekta, Horne Brygge etc. Ideen med forsøksmodell med desentralisert «Statens hus» er eit godt utgangspunkt. To hovudprinsipp er her viktige for å lukkast:
1) I tråd med det regjeringa har i si plattform må nye statlege arbeidsplassar primært etablerast utanfor hovudstaden, til dømes til eit «Statens hus» i Florø. Dette skapar eit fundament å bygge vidare på, gjerne lokalisert saman med andre kompetansearbeidsplassar lokalt, både i privat og offentleg regi.
2) Nokre gjer det allereie, men konseptet må utvidast og fleire må tenke slik: Når staten og fylkeskommunen lyser ut stillingar må fleire av desse, som tradisjonelt berre har bidratt til å sentralisere offentlege arbeidsplassar til stadar som Oslo, Bergen, Førde og Leikanger, ha høve til å ha kontorstad andre stader som til no har vore nedprioritert: Eksempelvis til eit «Statens Hus» i Florø. Synergiane og gevinstane er mange. Argumenta om at det er vanskeleg og at teknologien ikkje er god nok ser vi no at ikkje er hald i.
Vi står i ei brytningstid. Kinn kommune har mange moglegheiter no som vi ikkje kan la gå frå oss, slik ein tidlegare har rota det til med å miste både høgskule, sentralsjukehus og ein reell ytre kystveg. Føresetnaden er at vi klarer å tenke nytt og offensivt. Eg er sikker på at mange innbyggjarar og politikarar frå ulike politiske parti har gode idear og innspel. Dei må no løftast fram og innsatsen bli koordinert. Mange i Kinn opplever og vil oppleve svært negative konsekvensar av coronakrisa, og det bør motivere oss alle til innsats. Når Kinn på mange område faktisk kome styrka utav krisa, er det viktigare enn nokon sinne med tverrpolitisk handlekraft, politisk leiing og dugnadsånd. Det kjem ikkje av seg sjølv.
Kommunen må sikre arbeidsplassar og næringsliv
Edvard Iversen, nestleiar Kinn Venstre, kommunestyrerepresentant og medlem i plan- og samfunnsutvalet (Innlegg i Firdaposten 1. april 2020 og Fjordenes Tidende 31. mars 2020)
Det viktigaste i den situasjonen vi står i som samfunn no er å verne om liv og helse. Begrense smitte, og hjelpe dei som blir sjuke. Det er rørande å sjå samfunnsdugnaden som er i gang, og den framifrå innsatsen som vert gjort for å halde hjula i gang: Reinhaldarar, transportarbeidarar, helsepersonell, butikkpersonale, handtverkararar – lista er lang. Takk til alle!
Dette er også ei økonomisk krise. Mange bedrifter ser nedbemanning og driftsreduksjon, mange har måtte permittere og mange måtte stenge på dagen. Vi vil sjå mange konkursar. Det er belastande for mange enkeltpersonar og familiar å kjenne på uvissa om grunnleggande ting i livet: Blir eg eller nokon eg kjenner sjuk? Vil eg miste jobben? Vil eg ha ein jobb å gå til om to månader? Når kan eg treffe folk igjen? På få dagar vart kvardagen snudd på hovudet til det ugjenkjennelege. Vi veit ikkje korleis framtida ser ut om nokre veker eller nokre månader.
Kommunen har mange oppgåver i ein krisesituasjon som denne, la meg for enkelheits skuld dele desse i to: På den eine sida skal vi sørge for liv, helse og velferdstenester, at smitteverntiltak blir gjennomført og at dei som treng det får helsetenester. At elevane får si undervisning. At velferdsstaten fungerer i ein unntakstilstand. Dette er ei prioritert oppgåve som også Kinn Venstre engasjerer seg i: Vi må sørge for nok pengar og utstyr, og nok folk til desse oppgåvene.
På den andre sida er kommunen den største arbeidsgjevaren i Kinn, ein stor innkjøpar av varer og tenester, ein stor aktør i eigedomsmarknaden og viktig for utviklinga av kommunen som lokalsamfunn. I denne heilt ekstraordinære situasjonen må begge desse oppgåvene takast på alvor. Kinn kommune kan ikkje stoppe opp, fordi det påverkar heile samfunnet. Stoppar kommunen opp, stoppar det lokal næringslivet opp. Vi ser tendensar til at dette diverre er i ferd med å skje.
No er det difor viktigare enn nokon gong at vi som kommune kjøper varer og tenester lokalt. Kommunen må «snu bunken» av prosjekt og sjå etter gryteklare tiltak som raskt kan gjennomførast på ein måte som sikrar arbeid til lokale bedrifter: Oppussing, rehabilitering, vedlikehald – ting som gjerne ikkje blir prioritert elles. Prosjekt som kan kjøpast utan omfattande anbodsprosessar: Eksempelvis kan ein bygge ut det nye aktivitetsrommet på Florø ungdomsskule, oppgradere turvegar, småvegar og veglys. Parkområde og grøntareal i byane og tettstadane våre treng oppgradering. Også store prosjekt som Skram skule i Måløy og rådhusprosjektet i Florø bidreg til lokalt næringsliv, til optimisme, til verdiskaping og til å halde folk i arbeid. Det er dette vi treng no: At kommunen bidreg til at ingeniørar, elektrikarar, tømrarar, røyrleggarar og arkitektar framleis får oppdrag som bidreg til å halde hjula i gang og dytte kommunen framover. Samtidig må vi ha fullt fokus på å sikre framdrift i planprosessar og vedtak som gjer at det skjer ei positiv utvikling av samfunnet. Vi må sørge for at vi har små og store prosjekt klare slik at staten og kommunen kan bruke pengar i Kinn for å få økonomien på fote igjen. Kommunen må aktivt invitere små og store aktørar til innspel: Korleis kan kommunen bidra? Korleis kan vi tilpasse kommunale avgifter og skattar slik at det blir lettare for dei som slit økonomisk?
Venstre vil gjere det vi kan, og bruke heile verktøykassa for å få Kinn velberga gjennom krisa. Det er viktigare enn nokon gong med politisk leiing både nasjonalt og lokalt.