Vestland Venstre på bana for næringslivet på Vestlandet

Gunhild Berge Stang
fotograf Rebecca Amber

I dag har Venstre fått gjennomslag for sitt initiativ i hovudutval for næring 12. mars om at fylkeskommunen må kartlegge korleis vi kan bidra til å avhjelpe næringslivet i koronakrisa. Dette har munna ut i at fylkesutvalet i Vestland fylke i dag tverrpolitisk har vedteke ein tiltakspakke for næringslivet på 22 millionar korner. I tillegg skal fylkeskommunen prøve å framskunde utbyggingsprosjekt innan bygg og samferdsel.

– Det er klart at i den store samanhengen er ikkje dette store pengar, men det er viktige pengar, seier Stang. Fylkeskommunen lir store økonomiske tap som konsekvens av koronaen, samstundes som ein skal drifte kollektiv, skular og anna tenestetilbod for innbyggjarane. Likevel meiner vi det er viktig at fylkeskommunen som sit tett på næringlivet i regionen, har rolle i arbeidet med å handtere denne krisa, ikkje minst fordi vi ser at krisa vil kunne ramma ulikt i dei ulike regionane, seier Stang. Det er også klart at dette er ei krise som vil måtte prege fylkeskommunen sine prioriteringar og rolle i lang tid framover, dette må vi følgje opp vidare seier Stang.