– Vestland fylkeskommune må framskunde planlagde mindre utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt på fylkesvegnettet, for å stø opp om lokalt næringsliv under koronakrisa. Det seier fylkestingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo, som i dag har sendt brev til Fylkesordføraren og ber om at dette blir gjort.
– Vi er inne i ei særs krevande tid for heile næringslivet på Vestlandet, også anleggs- og entrepenørbransjen. Vi kan no som fylkeskommune ta eit samfunnsansvar ved å skru opp tempoet i utlysing av planlagt utbyggings- og vedlikehaldsarbeid på vegnettet som uansett skal gjerast i 2020 og 2021. Trøndelag fylkeskommune har allereie bestemt seg for å gjere dette, og det er ingen grunn til at vi vestlendingar skal vere treigare enn trønderane i å få hjula til å rulle att i næringslivet, seier Venstre sin fylkestingsrepresentant Alfred Bjørlo.
Det er sett av om lag 220 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegnettet i Vestland i 2020, og ca 580 millionar kroner til tunnelrehabilitering og andre mindre utbetringar av vegnettet. I tillegg kjem ei omfattande satsing på rassikring og tiltak for gåande og syklande.
– Det må også vere mulig å sjå på framskunding av planlagde bygginvesteringar, ikkje minst på dei vidaregåande skulane, seier Venstres Alfred Bjørlo. – I tida vi no er inne i kan framskunding av både bygg- og anleggsprosjekt syne seg gull verdt for å sikre framtida til viktige aktørar i næringslivet på Vestlandet, seier Bjørlo.
Alfred Bjørlo, fylkestingsrepresentant
Mobiltlf +47 480 82 652