Venstre uroa for konsekvensane for små og mellomstore bedrifter i regionen

Foto: Jostein Vedvik

Gruppeleiar for Venstre i Vestland fylkesting, Gunhild Berge Stang, er sterkt uroa for kva konsekvensar koronapandemien kan få for næringslivet i regionen vår framover, og då særskilt korleis dette vil råke små og mellomstore bedrifter i distrikta.

Omsynet til liv og helse kjem sjølvsagt aller først akkurat no, men på lengre sikt kan også arbeidsplasser og heile lokalsamfunn stå på spel. Stang fortel som døme at ho i dag har vitja bistroen “To Kokker” i Florø. Der var dei svært uroe for drifta dei neste vekene og for at dei kanskje må permittere eller seie opp folk i staben.

Venstre har i dag fremja og fått gjennomslag for følgjande i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune: “Hovudutval for næring ser alvorleg på kva konsekvensar koronapandemien for næringslivet i regionen vår. Ikkje minst er vi sterkt uroa over korleis dette råkar små og mellomstore bedrifter i distrikta og lokalsamfunna våre. Vi ber om at administrasjonen følgjer situasjonen tett, kartlegge korleis Vestland fylke kan bidra til å avhjelpe situasjonen og legge fram ei sak om dette i neste fylkesutval.”