Planutvalet i Sogndal kommune skal i morgon 12. mars gjere viktige vedtak i store plansaker, bl.a for Amlabukti. Her kan det kome ei storstilt bustadutbygging. Planane er svært omfattande. Kjenner politikarane saka godt nok til å ta avgjerande prinsippavklaringar no? Nei, meiner Sogndal Venstre.
Plan- og forvaltingsutvalet blir i møtet bedt om å avklare kva vegløysing som skal leggast til grunn for vidare planlegging av tre utbyggingsområde, med oppimot 180 bueiningar totalt.
Sogndal Venstre meiner at politikarane først må ta seg tid til å diskutere saka i ein større samanheng, og om dette er vegen å gå for den vidare utviklinga på Kaupanger. Er Amlabukti rette staden for ei slik stor utbygging på Kaupanger? Vi er skeptiske.
Total endring
Konsekvensen av planane vil bety ei total endring av Amlabukti. Ei samla utbygging vil skape meir biltrafikk og få store konsekvensar for kultur- og naturverdiane i området, for landbruksjord, og for folk som bur her i dag. Ei prinsippavklaring om vegtilkomst vil i praksis bety å signalisere at vi ønskjer ei så stor utbygging velkommen. Då bør vi vere sikre på at vi vil i den retninga. Då bør vi også vite meir om kva folk i Amla og Kaupanger meiner.
Om planutvalet går for å planlegge vidare med den eksisterande skogsvegen i området, er det problematisk i seg sjølv. Vegen er i dag ein nærfriluftsveg som bind Kaupanger og Amla saman og som er mykje brukt, ikkje minst for ungane som går her dagleg til og frå skulen. Dette er ein viktig kvalitet i området. Det viser også stadanalysen som bygdelaget i Kaupanger har arbeidd med for Amlabukti. Dette er likevel ikkje teke omsyn til i saka.
Innbyggjarane må involverast
Viss planutvalet går inn for å planlegge med skogsvegen som tilkomstveg, må vi også ta høgde for oreigning. Det er eit kraftig virkemiddel. I gitte høve rett virkemiddel, men er dette ei slik sak? Venstre ønskjer at saka blir utsett, og at vi tek oss tid til å involvere folk i bygda, om kva dei meiner om utbygging i Amlabukti og Kaupanger.