Fylkestinget i Vestland var 3. – 4. mars samla til fyrste ordinære møte i 2020 (det var eit ekstraordinært møte i februar for å vedta Byvekstavtalen). Venstre-gruppa på tinget var samansett av Alfred Bjørlo (heile tinget – fungerande gruppeleiar) og Agnes Hoshovde Bernes på dag 1 og Geir Kjell Andersland på dag 2. Agnes fekk med dette sin debut i Fylkestinget.
Her er nokre av dei viktigaste sakene på Fylkestinget sett frå Venstre-gruppa sin ståstad:
Utsleppsfrie drosjer
Fylkestinget vedtok å innføre krav om utsleppsfrie drosjar i alle kommunar i tidlegare Hordaland frå 1. april 2024. Fylkesadministrasjonen skal også starte utgreiing om innføring av tilsvarande krav i samtlege kommunar i Vestland fylke. Samtidig skal det satsast på utbygging av ladestasjonar i heile nye Vestland fylke fram mot 2024.
Dette er ei sak Venstre har eigarskap til – det var Venstre som sette saka på dagsorden i Fylkestinget i Hordaland tilbake i 2017 (Geir Angeltveit). Vestland er no det fyrste fylket i landet som innfører eit slikt krav. Vedtaket vart gjort med støtte frå alle parti unnateke Høgre, Frp og Bompengelista.
Billegare kollektivtrafikk
Fylkestinget vedtok å nytte ekstra midlar til kollektivtrafikk i bompengeforliket (50 mill kr pr år) til å redusere prisen på periodekort med ca 10% i heile takstsoneområdet som utgjer tidlegare Hordaland. Alle typar periodebilettar får redusert pris. Til dømes blir eit månadskort (for vaksen) sett ned frå 800 til 715 kroner. Dette er ein direkte konsekvens av Venstre sine gjennomslag i Regjering i fjor i samband med bompengepakken. Den styrka finansieringa av investeringar i kollektivtrafikk i dei største byane som også ligg inne i forliket, vil i Vestland/Bergen bli nytta til å styrke finansieringa av Bybane-utbygginga til Fyllingsdalen. Det vil også i løpet av året bli gjort ein flat reduksjon av bompengesatsane i «ytre ring» rundt Bergen med 8%.
Fleire oppgåver til nye regionar: Ja til overføring av kulturoppgåver
Fylkestinget vedtok at Vestland fylke er positive til overføring av fleire oppgåver innan kulturområdet, slik Regjeringa og det Venstre-leia Kulturdepartementet har foreslått. Med dette blir makt og ansvar desentralisert og flytta nærare kulturlivet, samtidig som staten framleis skal ha majoritetsansvaret for nøkkelinstitusjonar av nasjonal betyding som Den Nationale Scene og Bergens Filharmoniske Orkester (desse skal framleis ha 90% statleg finansiering). Fylkestinget vedtok også at det må vere likebehandling av samanliknbare kulturinstitusjonar ulike stader i landet (i praksis Bergen og Oslo) og at dei må få lik finansieringsmodell.
Oppretting av Moster AS
Fylkestinget vedtok å opprette eit eige selskap for å planlegge og gjennomføre feiringa av 1000-årsjubileet for innføring av kristenretten på Mostratinget på Bømlo i 2024. Vestland fylke går også inn med 5 mill kr til prosjektet, i eit spleiselag med stat og kommune.
Fråsegner og spørsmål
Fylketinget vedtok fråsegner om to tema – begge med støtte frå Venstre:
- Erklæring av global klima- og miljøkrise
- Ja til å ta imot syriske flyktningar for å avlaste Hellas
Venstre stilte spørsmål til Fylkesordførar om kva som kan gjerast for å sikre flest mogleg ungdommar i Vestland lærlingeplass, jmf eiga sak på Vestland Venstre sine nettsider.
Styreverv og andre utnemningar
Fylkestinget vedtok ei samla, omfattande sak om styreverv og andre posisjonar dei neste fire åra. Venstre fekk i denne runden på plass mellom anna desse verva:
Stiftelsen Bergen Nasjonale Opera – styremedlem: Geir Kjell Andersland
Kunnskapsparken Sogn og Fjordane – styremedlem: Jan Henrik Nygård
Sunnhordland museum – styremedlem: Geir Angeltveit
Vestkystparken – styremedlem: Anne-Beth Njærheim
Nordfjellarådet – medlem: Jon Ove Lomheim
Ungt Entrepenørskap Vestland – styremedlem: Tom Hiis Bergh
Kraftmuseet – Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum – styret: Rolf Nesheim
Verdsarvrådet for Urnes stavkyrkje – medlem: Gunhild Berge Stang
Ivar Torkildsens legat – tildelingsutvalet: Alfred Bjørlo
Carte Blanche – 1. vara til styret: Elizabeth Toft Erichsen
Hardangerviddarådet – varamedlem: Petter Sexe Ulriksen
Stiftelsen Bymuseet i Bergen – varamedlem til styret: Agnes Hoshovde Bernes
Fjord Norge – varamedlem til styret: Gunhild Berge Stang
Vest-Norges Brusselkontor – varamedlem: Agnes Hoshovde Bernes
Trivselshagen IKS – varamedlem: Gunn Merete Paulsen
Tusenårsparken Gulatinget si styringsgruppe – varamedlem: Alfred Bjørlo
(Det vart også gjort ein del val av styreverv på Fylkestinget i desember 2019, desse er ikkje med her)
For spørsmål, kontakt Fylkestingsgruppa v/ Gunhild Berge Stang (mobiltlf 976 53 785) eller Alfred Bjørlo (mobiltlf 480 82 652).
Alfred Bjørlo, Venstre si fylkestingsgruppe i Vestland