Venstre vil ha krafttak for lærlingar

Venstres fylkestingsrepresentant i Vestland, Alfred Bjørlo, utfordrar no Fylkesordføraren på korleis Vestland fylke raskast råd kan sikre læreplass til alle som treng det. Bjørlo stiller spørsmål til Fylkesordføraren om lærlingar på Fylkestinget i Vestland 4. mars 2020.

– Det er ein gledeleg auke i talet ungdom som vel yrkesfag, seier Alfred Bjørlo. – Likevel ser vi at det er sterkt varierande rundt om i nye Vestland kor mange av ungdommane som får læreplass – både mellom ulike regionar og i ulike fag. Slik kan vi ikkje ha det i eit nytt fylke. No må vi sørge for at vi brukar «beste praksis» frå dei to tidlegare fylka på alle fagområde, slik at alle ungdommar i Vestland som vel yrkesfag får læreplass og ein god start på si yrkeskarriere, seier Alfred Bjørlo.

Alfred Bjørlo stiller følgjande spørsmål til Fylkesordførar Jon Askeland:

Kva vil Fylkesordføraren gjere for å sikre at beste praksis i dei tidlegare fylka for å skaffe læreplassar til lærlingar, blir vidareført og utvikla til felles praksis i heile Vestland fylke?

Bakgrunn/grunngjeving:

Det er store skilnader mellom og internt i skular/regionar i dei to tidlegare fylka både når det gjeld samla tal lærlingar i høve folketalet, og i kor stor del av søkjarane om læreplass som får lærekontrakt.

Tidlegare Sogn og Fjordane har over lang tid hatt det høgste tal lærlingar i høve folketalet av alle fylke i landet (1390 lærlingar pr 100.000 innbyggjarar i 2019), medan Hordaland har lege om lag på landssnittet (970 lærlingar pr 100.000 innbyggjarar i 2019).

Det er også stor skilnad i kor mange av dei som ynskjer lærekontrakt som faktisk får det – både samla og i dei einskilde utdanningsprogramma. I siste tilgjengelege tal frå tidlegare Sogn og Fjordane fekk 80,2% av søkarane lærekontrakt innan utgangen av året. Det er nest best i landet (etter Rogaland). I Hordaland var tilsvarande tal 73,9% – om lag på landssnittet. Det er innanfor desse hovudtala truleg også stor skilnad mellom skular/regionar i fylka – det finst utan tvil skular/regionar også i tidlegare Hordaland som har særs gode resultat i å skaffe elevane lærekontraktar.

I store, viktige utdanningsprogram for framtidig utvikling av Vestland er skilnadene enno større. I Elektrofag fekk 89% av søkjarane i Sogn og Fjordane læreplass innan utgangen av 2018, mot berre 65% i Hordaland. I Teknisk og industriell produksjon fekk 86% av søkjarane i Sogn og Fjordane læreplass, mot 76% i Hordaland. I Helse og oppvekstfag, eit område der vi veit det vil bli stor etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft over heile landet i framtida, er tala 78% som fekk læreplass i Sogn og Fjordane og 72% i Hordaland.

Samtidig er det også fag der Hordaland ligg betydeleg over Sogn og Fjordane i å sikre ungdom læreplass – til dømes restaurant- og matfag, der 82% fekk læreplass i Hordaland og berre 65% i Sogn og Fjordane.

Når dei to fylka no er slenge saman, er det ei gyllen anledning til å sikre at ein innfører beste praksis i å arbeide med å skaffe lærekontrakter i kvart av dei gamle fylka – og i skular/regionar i kvart fylke – til heile det nye fylket. I Sogn og Fjordane har det til dømes over lang tid vore bygd opp strukturerte samarbeidsmodellar mellom bedrifter, skular, opplæringskontor og fylkeskommune som har gjort at næringslivet er «tett på» skulane, til beste for både elevar, lærlingar og næringsliv. Tilsvarande modellar kjenner vi også frå t d Nordhordland og Bømlo.

Eg vonar difor Fylkesordføraren kan ta initiativ for å sikre at det raskast råd skjer læring og overføring av modellar på tvers av fylkesgrensene, slik at fleire ungdommar vel yrkesfag og kan vere trygge på at det gir ein føreseieleg veg vidare inn i arbeidslivet med lærekontrakt og fagbrev.

 

Alfred Bjørlo, Fylkestingsrepresentant for Venstre

Alfred Bjørlo, ordførar