Fylkestingsrepresentantane til Venstre skriv følgjande i Bergens Tidende denne veka:
Venstre, Høgre og KrF har siste veka stått saman i den politiske handsaminga av kraftkabelen NorthConnect i Vestland fylkeskommune – etter kvart med følgje av MDG.
Å seie ja til NorthConnect er eit viktig steg på vegen til å gjere Vestlandet til Europas leiande fornybar-region, og å klare raske, store klimakutt som storsamfunnet tener pengar på til framtidas velferd.
Mot oss har vi hatt ein allianse av ytste høgre og ytste venstre fløy i politikken: Frp, FNB, SV og Rødt. I tillegg til Sp, og meir overraskande: Arbeidarpartiet.
NorthConnect vil utløyse opprusting og nyinvesteringar i fornybar energi i distrikta på Vestlandet. Eidfjord-ordførar Anders Vatle (Sp) seier det slik: «Heilt konkret vil vi gå glipp av ei milliardinvestering, som ville gitt næringslivet og busetjinga ein skikkeleg boost.»
Arbeidarpartiet og fløypartia skaper no tvil om europeisk kraftsamarbeid. Eit samarbeid som gir tilgang til stabil kraftforsyning for norsk næringsliv og norske arbeidsplassar, samtidig som overskotsvatn blir pengar frå turbinane i staden for å renne rett i sjøen.
Fagrapporten om dei økonomiske verknadene av kraftkabelen tilseier ein gevinst for Noreg på 8,5 milliardar kroner. Ein stor del av gevinsten kjem ikkje ein gong til «Oslo-staten», men til kommunar og fylke der verdiane blir skapt: På Vestlandet.
90 prosent av norsk kraftproduksjon er eigd av stat, fylke og kommunar. Kring 200 kommunar har direkte inntekter frå kraftselskapa. Kommunane har i tillegg skatte- og avgiftsinntekter frå kraftproduksjon, som eigedomsskatt på anlegg og konsesjonskraft mv.
Ein kamp mot overskot i kraftselskapa er difor ikkje ein «kamp mot privatisering». Det er rett og slett ein kamp mot dei som bidreg med verdiskaping, arbeidsplassar og pengar i kassa til norske kommunar.
Kommunane leverer tenester som barnehagar, skular, sjukeheimar og helsetenester. Dei fleste vil meine at dette er oppgåver som fortener og treng kvar einaste krone – og som ein bonus blir verdas klimautslepp lågare.
Ein ny kraftkabel frå Vestlandet til Skottland kan bidra til å redusere CO₂-utsleppa med to millionar tonn. Det utgjer om lag fire prosent av samla norske utslepp. Det er eitt av de største – og enklaste – tiltaka for klimaet vi i Noreg kan gjere på kort sikt.
Det vil rett nok gje utslag på nokon andre sin «klimakonto», ikkje vår nasjonale, men klimautfordringane kjenner ingen landegrenser.
Klimakrisa krev på brei front nærare samarbeid over landegrensene enn i dag. Vår energibruk skal gå frå fossil til fornybar energi. Energisamarbeid er ein del av løysinga. Vi kan kjøpe vindkraft frå Skottland og England, og tilby vasskraft frå Noreg – og få godt betalt.
Venstre er skuffa og overraska over alliansen av ytste venstre og ytste høgre fløy, som med hjelp av Ap, no har fått fleirtal i Vestland fylke for å seie nei til North Connect. Vi trur på ei elektrisk framtid, på næringsliv og fornybar vekst på Vestlandet – og på meir samarbeid over landegrensene i Europa.
Vi vestlendingar har alltid vendt oss utover og vore opne mot verda. No er tida inne for å skape ein felles, grøn straum inn i framtida over Nordsjøen.
Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo