Fråsegn frå fylkesårmøtet: Base for luftambulanse til Vinje nå

Fylkesårsmøtet til Vestfold og Telemark Venstre vedtok einstemmig fylgjande politiske fråsegn:

Stortinget har i nær framtid, gjennom behandlinga av nasjonal sjukehusplan, muligheit til å
ta ei positiv avgjerd og fylle eit hól i ambulansetenesta (den akuttmedisinske beredskapen) i
Sør-Norge gjennom å opprette ein ny bemanna base for luftambulanse i Vinje – alternativt i
Bykle/Hovden.

H 135-T3 luftambulansehelikopter
H 135-T3 luftambulansehelikopter

Ein base her vil dekke store delar av Vestfold og Telemark, Vestland, Agder og
Rogaland og auke tryggleiken for fastbuande, hyttefolk og vegfarande. Stiftinga Norsk
Luftambulanse støttar ei etablering i dette området. Prosjektet har dokumentert god
samfunnsøkonomi gjennom å redde liv og redusere varig skadeomfang.

Vestfold og Telemark Venstre har i sitt valprogram til inneverande fylkesting fylgjande gode
programformulering: Det må etablerast en base for ambulansehelikopter for kommunane i
Vest-Telemark, nærmast mulig der ambulansedekninga i dag er lite tilfredsstellande.
Årsmøtet i Vestfold og Telemark Venstre 2020 krev betre akuttmedisinsk beredskap i øvre
del av fylket gjennom etablering av bemanna base for Luftambulanse i Vinje eller Bykle.

Denne etableringa må tas med som eit krav/føresetnad i komande nasjonal sjukehusplan.
For nærare dokumentasjon av behov m.v. blir det vist til felles innspel frå dei to
kommunane.