Venstre seier ja til byvekstavtalen

Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo fylkestinget 10. februar 2020, Vestland Venstre

– Eit storstilt løft for betre og billigare kollektivtransport i Bergens-regionen

– Det er ein gledens dag når Fylkestinget i Vestland i dag med stort fleirtal har sagt ja til Byvekstavtalen, som vil sikre lågare kollektivprisar, betre rutetilbod med buss og bane og omfattande utbygging av meir miljøvenleg transport i Bergen og omegnskommunane. Venstre gler seg over dagens vedtak i Fylkestinget, og vi håpar alle kommunane som er med i avtalen no er med på dette historiske løftet for betre og billigare kollektivtransport. Det seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo i Venstre si fylkestingsgruppe i Vestland.

Her kan du lese Alfred Bjørlo (V) sitt innlegg i dagens debatt om Byvekstavtalen i Fylkestinget.

Fylkesordførar, dette er ein gledens dag for Bergen, omegns-kommunane, Vestland fylke – og for Venstre. Og ikkje minst er det eit døme på dei verkeleg lange linjene i politikken – og at det krev stayerevne over tid for å få til ei slik storsatsing som det vi skal vedta her i dag.

I 1997 vart Odd Einar Dørum Samferdsleminister for Venstre i den fyrste Bondevik-regjeringa – med Krf, Sp og Venstre som deltakande parti. Då tok han tak i noko som fram til då rett og slett var «upløgd mark»: Å lage ein heilskapleg kollektiv- og miljøpolitikk for dei største byane.

Før det holdt staten på med sitt, kommunane med sitt, fylka med sitt. Det fanst ingen samla strategi for korleis ein løyste dei stadig større trafikale utfordringane i dei store byane med auka satsing på kollektivtrafikk, sykkel og gange.

Eg var sjølv så heldig å få vere med på å gjere noko med dette då eg var politisk rådgjevar i Samferdsledepartementet i den andre Bondevik-regjeringa frå 2001 til 2004 – under Venstre sin samferdsleminister Torild Skogsholm – med Venstre, Krf og Høgre som regjerignsparti. Då la vi fram den fyrste samla stortingsmeldinga om kollektivtrafikk i Norge – «Bedre kollektivtransport» i 2002.

Eitt av framlegga som låg i den stortingsmeldinga var å innføre noko heilt nytt: Ei belønningsordning for meir kollektivtransport og mindre bilbruk i byområde. Ideen om ei slik belønningsordning fekk tilslutning i Stortinget i 2002, og vart innført for første gong på statsbudsjettet for 2004, og sidan gradvis trappa opp. Dei første åra var det ei ettårig avtale – frå og med 2009 vart det opna for å inngå fleirårige belønningsavtaler med dei største byane.

Belønningsmidlane Bergen fekk frå staten det første året var 17 millionar kroner – ein auke frå 0 i samtlege år tidlegare – dette beløpet vart gradvis auka år for år frå 2004 og utover, ettersom Bergen sette fart i si satsing på betre kollektivtrafikk, ikkje minst gjennom utbygging av Bybanen. Og i den avtalen vi no skal behandle, har det som starta med 17 millionar kroner i belønningsmidlar i 2004, blitt til 1,4 milliardar kroner i belønningsmidlar til Bergens-regionen i den nye avtaleperioden – ei utvikling sjølv vi som var med på oppstarten i 2004 ikkje hadde vågd å håpe på.

Denne historia er viktig å ha med seg – fordi det er dette som har leda fram til den Byvekstavtalen vi står og behandlar her i dag i februar 2020 – der mellom anna belønningsordninga er eit svært viktig element – og er «de pengene vi er mest glad i» for å sitere prosjektleiar for Byvekstavtalen i Vestland fylkeskommune. Det er vi også – og vi er stolt over å vere «oppfinnarane» av denne ordninga.

Med andre ord: Denne Byvekstavtalen er ikkje noko som har hoppa ut i vegen frå ei busk i vegkanten ut av ingenting – det ligg ei lang historie bak, der kollektivsatsinga i Bergen har blitt bygd opp stein for stein, i eit forpliktande samarbeid som strekker seg nesten 20 år tilbake i tid.

Og då må eg seie, at éin ting er parti som Bompengepartiet sin prinsipielle motstand mot denne typen avtaler (som eg meiner er heilt nødvendige) – men endå meir overraskande er det å sjå partiet Rødt sin motstand mot ein pakke som vil innebere tidenes største satsing på billegare og betre kollektivtransport i Bergens-regionen. Å seie nei til denne pakken her i dag, er å seie nei til billigare buss- og banebillettar, nei til fleire avgangar, nei til utbyggingar som år for år framover vil gje betre framkommelegheit og betre byluft og betre sosiale vilkår for familiar som er avhengige av kollektivtransport.

For Venstre handlar dette om å seie ja til å handle no – til å sørge for billigare og betre kollektivtransport i Bergen og omegnskommunane – om å handle i staden for å prate.

Venstre støttar byvekstavtalen – vi støttar den nasjonalt, vi støttar den regionalt og vi støttar den lokalt i alle kommunane som er med – eg reknar med at dei andre partia som er med i det breie fleirtalet for Byvekstavtalen her i dag gjer det same.

 

Alfred Bjørlo (Venstre), Fylkestinget i Vestland 10. februar 2020