Jobbar for realisering av vitensenteret

Sogndalsdelegasjon på fylkesårsmøtet
SAMAN MED MINISTEREN: Sogndalsdelegasjonen, her saman med klimaminister Sveinung Rotevatn, var frå venstre:. Maria C Knagenhjelm, Are Kvistad (leiar), Bjarte Haugen, Else Mundal, Sveinung Rotevatn, Sigrid Svartefoss, og Trude Risnes., Sogndal Venstre

Seks representantar for Sogndal Venstre deltok på fylkesårsmøtet i Vestland Venstre på Voss 8. og 9. februar. Utsendingane nytta møtet til å ta opp fleire saker på møtet der også sentrale Venstre-folk på Stortinget og i regjeringa var til stades.

Dei seks frå Sogndal som dektok på møtet var Are Kvistad (lokallagsleiar), Trude Risnes, Bjarte Haugen, Maria C. Knagenhjelm, Sigrid Svartefoss og Else Mundal (observatør).

– Me orienterte kunnskapsminister og Venstre-leiar Trine Skei Grande om status for Vitesenteret, og vi er einige om å ha vidare samtalar om dette for å sikre finansieringa over statsbudsjettet, seier Trude Risnes til Sogn Avis.

Vitensenteret «ViteMeir» på Kaupanger skal etter planen opne neste år, og difor er det viktig å jobba for at prosjektet blir prioritert saman med dei andre vitensentera som blir finansiert via statsbudsjettet og Norges Forskingsråd.

– Me følgjer saka og vil gjera vårt beste for å få dette til, seier Risnes til avisa.

Fråsegner

Fylkesårsmøtet vedtok også ei rekke fråsegner som blir å lese på nettsida til fylkeslaget:

Nytt styre

Dette var første ordinære årsmøte for nye Vestland Venstre som er eit resultat av samanslåing av fylkeslaget frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Årsmøtet valde Åsta Årøen frå Bergen til ny leiar av fylkeslaget. Første nestleiar vart Jan Henrik Nygård som var tidlegare leiar i Sogn og Fjordane Venstre.

Vidare består styret av andre nestleiar Agnes Hoshovde Bernes frå Alver og styremedlemmene Geir Angeltveit, Stord, Jo Lerheim, Bergen, Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden og Åge Avedal frå Sunnfjord. Varalista ser slik ut: Jon Frogner, Stad, Alf Helge Greåker, Bergen, Njaal Neckelmann, Bergen og Irene Storøy, Bergen.

Trude Risnes og fleire som har hatt verv for Sogn og Fjordane Venstre, vart takka av for godt arbeid på fylkesplan og interimstyret for Vestland Venstre.