Uttalelse: Venstre styrker fellesskapet gjennom å prioritera biblioteka

Skolebibliotek
Namsos er gode på skolebibliotek., Foto: Namdalsavisa

Under fylkesårsmøtet til i helga vedtok Rogaland Venstre ei fråsegn om at Venstre styrker fellesskapet gjennom å prioritera biblioteka.

Eit bibliotek er mykje meir enn eit kommunalt bygg i by og bygd som oppbevarer bøker. Biblioteka er levande hus som skapar leseglede, fremmer integrering og sikrar demokratiet . Det er møteplassar for dialog, debatt, leik, læring og fellesskap. Biblioteka er viktige, og ein del av den kulturelle grunnmuren som arena for kunnskap, danning og kritisk tenking.

Venstre har over år arbeidd aktivt for å støtta opp om og utvikla biblioteka, og er bekymra over at dette ikkje blir like høgt prioritert i alle kommunane i fylket. I fylkesbudsjettet har Venstre bidrege til å få på plass meir pengar til satsing på biblioteka, men er uroa over at ein lokalt ser tendensar til at biblioteka blir sett på som ein salderingspost og utsett for kuttforslag, i ei tid der biblioteka burde støttast og utviklast for framtida.

Når Venstre har ei hand på rattet er det sjølvsagt å satsa på kultur og bibliotek, fordi me treng gode og relevante fellesskapsarenaer. Eit moderne bibliotek er ein fristad med tilgang til kultur og kunnskap for alle. Framover vil det bli viktig å få til nye måtar å samhandla på mellom folkebibliotek og skulebibliotek, og fremja biblioteka som lokale møteplassar og ein sentral arena for å fremja leseglede og styrka evna til kjeldekritikk og kritisk tenking.

Når ein som Venstre set demokrati, ytringsfridom og medborgarskap høgt, viser ein det mellom anna gjennom å prioritera biblioteket!