To delegatar frå Volda Venstre på fylkesårsmøtet

Volda Venstre

Sindre Furland og Hogne Kvangarsnes var utsendingar frå Volda Venstre til fylkesårsmøtet i Molde helga 8.og 9. februar. Meir enn 60 delegatar frå heile fylket var samla til viktig politisk arbeid.
Andre N Skjelstad som er stortingsrepresentant og medlem av næringskomiteen, innleia til debatt om utfordringar i næringspolitikken. Også tidlegare justisminister Odd Einar Dørum tok del på årsmøtet og viste stort engasjemnet då han presenterte framlegget til nytt prinsipprogram for Venstre.
Seks fråsegner vart vedtekne – mellom anna ein resolusjon der Møre og Romsdal Venstre uttrykkjer klar støtte til kystfolket i kampen for rimelegare ferjereiser.
Ragnhild Helseth frå Kristiansund vart attvald som leiar i fylkeslaget.