Jan Henrik ny 1. nestleiar i Vestland Venstre

På fylkesårsmøtet til Vestland Venstre 7.-9. februar 2020 vart Jan Henrik Nygård samtøystes vald som 1. nestleiar i Vestland Venstre. Fram til årsskiftet var han leiar i Sogn og Fjordane Venstre. Han vart også vald som ein av Vestland Venstre sine tre medlemmar i landsstyret.
– Eg gler meg til å jobbe for Vestland Venstre i eit engasjert og framoverlent fylkesstyre. Å få halde fram i landsstyret til regjeringspartiet Venstre gjer at eg får vere tett på viktige avgjerder for partiet og landet, seier Jan Henrik Nygård.
– Jan Henrik har vore lokalpolitikar i mange år, og har hatt leiande roller som mellom anna varaordførar i Flora og leiar i fellesnemnda for Kinn – og no som sentral medlem i vår kommunestyregruppe i Kinn. Han har satt Florø på kartet som hydrogenby, og blitt lagt merke til og sett opp til i eit parti som spesielt jobbar for det grøne skiftet i næringslivet. Som bedriftsleiar og lokalpolitikar tilfører han viktige og verdifulle perspektiv til det regionale og nasjonale partiapparatet, seier Kinn Venstre sin gruppeleiar Jacob Nødseth i ein kommentar.
Kinn Venstre er det nest største lokallaget i Vestland Venstre etter Bergen. På fylkesårsmøtet var Kinn Venstre representert ved den blide gjengen på bildet under. Foran fra venstre: Sebastian Kvalheim, Dina Bovim, Jan Henrik Nygård og Åse-Iren Korneliussen. Bak: Jacob Nødseth, Edvard Iversen og Hilmar Eliasson.
-Vi er ein gjeng som er ung til sinns uavhengig av alder, men eg er særleg glad for at vi har ungdommen sterkt representert i fylkesårsmøtedelegasjonen vår med Sebastian og Dina, seier Hilmar Eliasson.
På bildet under er Sebastian og Dina saman med partileiar og kunnskapsminister Trine Skei Grande.