Regjeringa må legge vekk utgreiinga til kraftskatteutvalet og fjerne den usikkerheit som er skapt når det gjeld kommunane sine budsjett, økonomiplanar og forvaltning av konsesjonskrafta.
Regjeringa må legge fram eit forslag til skattesystem som fremjar modernisering og effektivisering av eldre kraftverk og linjenett.
Vestland Venstre vil oppretthalde systemet med konsesjonsavgifter og konsesjonskraft. Vi skal ivareta Venstrearven frå Castberg og Knudsen, som sikrar prinsippet om at kommunar som avgir naturressursar til storsamfunnet, skal få kompensert for den kostnaden tap av natur er.
Eigedomsskatt på vasskraftanlegg må framleis bereknast utifrå marknadsverdi. Reglane for grunnrenteskatt vert endra slik at den berre omfattar superprofitten. Det vert ikkje innført grunnrenteskatt på småkraft under 10 000 KVA.
Vestland Venstre støttar utvalet sitt forslag om å gjere ei vurdering av om det bør innførast grunnrenteskatt og naturressursskatt for vindkraftverk, og dette bør skje seinast i løpet av 2021.
Vestland Venstre meiner at en viktig del av det grøne skiftet vil vere å utnytte eksisterande vasskraftressursar betre.
Vestland Venstre meiner at det må gis insentiv for oppgradering og effektivisering av vasskraftverk, og er opne for at skattesystemet kan vere verkemiddel her, utan at det går ut over kommunane sine eksisterande kraftinntekter. Opprusting av eksisterande vasskraftverk vil gi kraftkommunane på Vestlandet ei styrka rolle som leverandør av grøn energi, og samtidig kunne bidra til eit mindre behov for utbygging av anna kraft, eksempelvis vindkraft, i sårbare naturområde.