Status som friby er eit lokalt og konkret tiltak vi kan gjere for å stå opp for internasjonal ytringsfridom, seier Trude Risnes i Sogndal Venstre.
Venstre i Sogndal vil at kommunen skal forplikta seg til å tilby eksil til ein forfølgd forfattar med familie i inntil to år, og syta for bustad og pengar til å leva for.
- Ein friby er ein by som har påtatt seg å vera vertskap for ein forfulgt forfattar, journalist eller kunstnar i opptil to år.
- Staten gir eit årlig stipend til kvar friby, til dekking av utgifter forfattarane har i verksemda si. Det er Norsk PEN som administrerar denne ordninga.
- Det finst i dag 17 slike fribyar/kommunar i Noreg; Asker, Bergen, Bø, Drøbak, Harstad, Haugesund, Horten, Kristiansand, Larvik, Levanger, Lillehammer, Molde, Oslo, Skien, Stavanger, Tromsø og Trondheim.
Les meir i Sogn Avis (krev abonnement)