Om Stad Venstre

Årsmøtet Stad Venstre 2020
Årsmøtet i Stad Venstre 2020. F.v. Alfred Bjørlo, Arve Dahl, Helle Frogner, Johan Kroken, Anita Otneim Hoddevik, Jon Frogner, Stig Gunnar Myren, Marilyn Osmundsvåg, Gunnar Silden, Hilde Henriksen, Bettina Vick Bickhardt, Kristi Ohrvik Olsen, Jorunn Breiteig, Margot Åsebø, Gunvald Ludvigsen, Foto: Stad Venstre

Den 13. januar 2019 slo Eid Venstre og Selje Venstre seg saman til Stad Venstre. Eid Venstre blei stifta den 6. april 1884, og var med sine 135 år eit av dei eldste lokallaga i landet. No er vi oppteke av å samarbeide om folketalsvekst, for å sikre gode teneste i heile Stad kommune, og skape ei grøn framtid i lag.

Venstre sin politikk byggar på ti liberale prinsipp

  1. Fridom

Vårt mål er enkeltmennesket sin fridom. Alle skal ha moglegheit til å ha makten i sitt eiga liv – uavhengig av alder, kjønn, tru, livssyn, livssituasjon og bakgrunn.

  1. Ansvar

Alle har ansvar for sine eigne val. Dei av oss som treng hjelp frå samfunnet til å leve eit verdig liv, skal få det.

  1. Fellesskap

Alle har ansvar for kvarandre og for å sikre at komande generasjonar har same moglegheiter til fridomsutfolding som oss. Grunnlaget for frie liv skapar vi best ved å respektere og ta vare på naturen.

  1. Rettferd

Ei fri verd er kjenneteikna av rettferd, verdigheit og moglegheiter for alle. Frie samfunn byggar på fellesskap og eit godt sikkerhetsnett for alle. Frie samfunn er rettvise og opne, og kjempar mot fattigdom. Fellesskap sikrar fridom og moglegheiter for alle.

  1. Marknad

Innovasjon, frihandel og rettvis konkurranse sikrar effektiv uttnytting av ressursar og auka velstand. Misbruk av marknadsmakt og monopoldanningar må hindrast. Arbeidstakarar må sikrast eit vern mot utnytting og rett til fri fagorganisering. Innsats skal løne seg og velstand fordelast.

  1. Likeverd

Det er ein verdi i seg sjølv at mennesker er ulike og tar ulike valg. Det gode liv er ikkje likt for alle. Vi skal møte annleis med respekt og toleranse.

  1. Livskvalitet

Liberal politikk skal ikkje berre sikre materiell tryggleik og velstand, men også fremme livskvalitet og menneskeleg vekst. Gode liv skapast også gjennom kultur, naturopplevingar og åndsliv, frivillig arbeid og læring. Fridom føreset kunnskap. Alle har rett til å lære å lese, skrive og rekne.

Alle har rett til kunnskap og informasjon for å kunne nytte retten til å ytre seg i samfunnet.

  1. Demokrati

Den liberale staten er upartisk, sterk og begrenset. Makt skal komme nedanfrå. Røysterett for alle, ytringsfridom og organisasjonsfridom er grunnleggande for å sikre eit levande folkestyre. Politisk makt skal forankrast i demokratiske institusjonar. Avgjersle skal fattast nærast mogleg den det gjelder.

  1. Maktspreiing

Eit liberalt samfunn har fire berebjelkar: demokratiet, rettsstaten, det sivile samfunn og marknadsøkonomien. Maktkonsentrasjon truar eit ope og demokratisk samfunn.

Maktspreiing, opne prosessar og ein fri og uavhengig presse er nødvendig for å hindre autoritær politikk, maktmisbruk og korrupsjon.

  1. Framtidstru

Det liberale samfunnet er alltid undervegs og ope for betre løysningar. Venstre si optimisme grunnar i ein sterk tillit til menneska sin skaparkraft. Vi trur på at det i fellesskap er mogleg å leggje grunnlag for frie liv, overalt – for alle.

Meld deg inn i dag!

Som medlem i Stad Venstre får du informasjon om alle medlemsmøte og kva som skjer. Du får vere med å bestemme kva saker laget skal jobbe med, og kven som skal leie og representere partiet i ulike samanhengar. Alt du treng å gjere er å fylle ut skjema og klikke på «Bli medlem», så er du i gong!

Styret i Stad Venstre

Svein Rotevatn, styreleiar. 971 89 046 / [email protected]

Gerd Fløde Bjørlo, nestleiar. 957 08 098 / [email protected]

Gunvald Ludvigsen, kasserar. 480 91 488 / [email protected]

Marilyn Osmundsvåg, skrivar. 971 23 701 / [email protected]

Anne-Britt Andersen, medlems- og opplæringsansvarleg. 992 75 817 / [email protected]

Vedtekter

Vedtekter Stad Venstre 13.01.2019 (pdf)