Fråsegn frå Askvoll Venstre

Ambulanse(Foto: wikimedia commons/© 2007 J. P. Fagerback), (Foto: wikimedia commons/© 2007 J. P. Fagerback)

Kvaliteten i eit samfunn vil alltid henge saman med samfunnet si evne til å skape tryggheit og gode livsvilkår for innbyggarane. Dette er eit syn Vestland Venstre er garantisten for.

 

Slik samfunnet utvikler seg i dag vert denne tryggheita utfordra på mange felt, og vi må vise oss styringsdyktige når vi er i posisjon.

 

Ambulansetjenesta er sjølve berebjelken når det gjeld å skape tryggheit i kvardagen til folk. Vi opplever innspel som tyder på at det er vesentlege forbetringspunkt for at denne skal fungere på ein slik måte som den faktisk er tiltenkt. Dette vere seg luftambulanser, bilambulanser og båtambulanser. For den det gjeld er løysinga ikkje tekniske forklaringar kvifor det ikkje virkar, men at vi faktisk får på plass system som gjev tryggheit.

 

Kommunar får økonomiske belastningar fordi Helseforetaka ikkje følgjer opp ansvaret dei er gjevne i vedtatte lover og forskrifter. Dette er ein situasjon som ikkje er haldbar.

 

Vestland Venstre vil jobbe for at ambulansetjenesta vert utforma etter behov, ikkje økonomi. Dersom det ikkje let seg gjere å leggja nøyaktige føringar for helseforetaka som faktisk vert etterlevd, må Staten overta driftsansvaret for denne grunnleggande tjenesta.