FYLKESSTYRE VESTLAND VENSTRE
Valnemnda kjem med eit samrøystes framlegg til samansetting av nytt styre for Vestland Venstre. Nemnda har lagt vekt på at det nye fylkesstyret skal bygge vidare på erfaring frå begge dei gamle fylkesstyra. Samtidig har det vore eit ønskje med fornying, noko nemnda meiner er ivareteke i forslaget. Det har vore viktig for nemnda å komme fram til personar som er gode medspelarar, og som er opptatt av å bygge organisasjon, nettverk og som kjenner dei ulike lokallaga. Nemnda sitt framlegg har god kjønnsbalanse, og dette har vore eit viktig prinsipp. Nemnda meiner at framlegget har rimeleg god aldersspreiing. Det finst fleire geografiske område i Vestland som ikkje er representert i styret. Dette kjem som resultat av dei prioriteringar som nemnda har gjort med tanke på erfaring, fornying og kjønn. Nemnda kjenner seg likevel viss om at dette er forslag til eit styre som vil jobbe godt for alle lokallag i heile Vestland.
Nemnda er samrøystes på kven ein foreslår som leiar og nestleiar, men er delt når det gjeld 2. nestleiar. Nemnda kjem med ei grunngjeving for dei som er innstilt til leiarverv, og inkluderer mindretalet sitt syn i dissensen.
Leiar | Åsta Årøen Bergen | Valnemnda innstiller Åsta som leiar. Ho har gjort ein god jobb som fylkesleiar for Hordaland og er svært motivert for vervet som fylkesleiar for Vestland. Åsta har lang erfaring og kjenner både Bergen og begge fylka godt. Nemnda meiner at Åsta har ein ro og eit fokus for styrearbeidet som er viktig for Vestland Venstre no. Vidare meiner nemnda at Åsta har dei kvalitetane som Vestland Venstre sin leiar skal ha, og ho vil verke samlande i det nye fylkeslaget. |
Første nestleiar | Jan Henrik Nygård Kinn | Valnamnda innstiller på Jan Henrik som første nestleiar. Han har vore ein god fylkesleiar for Sogn og Fjordane fram til no. Han er motivert for vervet og opptatt av god dialog og lokallagsarbeid. Han har eit godt nettverk mot næringslivet, og lang erfaring frå styrearbeid og organisasjonar. |
Andre nestleiar (dissens) | Agnes Hoshovde Bernes Alver | Fleirtalet i nemnda (5 stemmer) innstiller Agnes som andre nestleiar. Ho har lang leiarefaring, kjenner fylkespolitikken godt frå Hordaland, og har vore i kommunestyret i heimkommunen Alver. God organisatorisk, er initiativrik og har stor arbeidskapasitet. God på organisering av aktivitet og medlemsrekruttering. |
Medlem (dissens) | Bjørn Tore Sund Osterøy | Mindretalet i nemnda (2 stemmer) ønskjer Bjørn Tore som andre nestleiar. Han har fram til no vore 2. nestleiar i Hordaland Venstre. Har styrke i lang erfaring med organisasjonsarbeid. Opptatt av å bygge Vestland Venstre og har gjort ein stor innsats for svake lokallag dei siste åra. Stor arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande og inspirerer. Har erfaring med å løfte eit svakt lokallag til å bli sterkt og velfungerande. |
Medlem | Jo Lerheim, Bergen | |
Medlem | Elizabeth Toft Erichsen, Øygarden | |
Medlem | Åge Avedal, Sunnfjord |
Første vara | Geir Angeltveit, Stord | |
Andre vara | Jon Frogner, Stad | |
Tredje vara | Njaal Neckelmann, Bergen | |
Fjerde vara | Alf Helge Greaker, Bømlo |
I tillegg har sideorganisasjonane rett på ein representant kvar som dei sjølv peikar ut.
LANDSMØTEDELEGATAR
Valnemnda legg fram forslag til følgjande prinsipp for innstilling til landsmøtedelegatar, Vestland Venstre:
Desse skal ha plass, og i slik rekkefølge:
- Leiar og nestleiarar Vestland Venstre
- Gruppeleiar fylkesting
- Leiar Vestland Unge Venstre og Vestland Venstrekvinnelag
- Byrådar (gruppleiar kan erstatte eitt byråd) og ordførarar
- Varaordførarar
- Leiar Bergen Venstre
- Leiar Bergen Unge Venstre (dissens, eit mindretal på 3 ønskjer dette punktet stroke)
- Statsrådar
- Statssekretærar
Valnemnda har hatt som mål at prinsipp for samansettinga av landsmøteutsendingar skal gjenspegle mangfald og styrke i Vestland Venstre. I tillegg til posisjonane over, skal ein søke etter personar som har utmerka seg med å gjere ein særleg god jobb for Venstre. Ein skal også søke etter personar som er viktige for mindre lokallag der deltaking på landsmøte kan styrke motivasjonen. Ein skal så langt som råd er søke kjønnsbalanse og geografisk spreiing.
FRAMLEGG TIL LANDSMØTEDELEGATAR FRÅ VESTLAND VENSTRE 2020
- med merknad om kven som er innstilt til landsstyreplass (Vestland har 3 i LS i 2020 etter regionreformen)
Valnemnda har fulgt forslaget til prinsipp for innstilling av landsmøtedelegatar. Plass 1-3 gjeld det nye fylkesstyret, og her har vi ført opp valnemnda si innstilling i desse verva.
1 | Åsta Årøen | Bergen | Leiar Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass) |
2 | Jan Henrik | Kinn | 1. nestleiar, Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass) |
3 | Agnes Bernes | Alver | 2. nestleiar, Vestland Venstre |
4 | Gunhild B. Stang | Fjaler | Gruppeleiar i fylkestinget for Vestland Venstre (innstilt til landsstyreplass) |
5 | Ole Martini | Stad | Leiar Vestland Unge Venstre |
6 | ? | ? | Leiar Vestland Venstrekvinnelag |
7 | Julie Andersland | Bergen | Gruppeleiar i Bystyret, Bergen Venstre |
8 | Alfred Bjørlo | Stad | Ordførar |
9 | Gunnar Osland | Askvoll | Varaordførar |
10 | Torstein Tvinnerheim | Stryn | Varaordførar |
11 | Ane Brevik | Bergen | Leiar Bergen Venstre |
12 | Solveig Hillestad | Askøy | Bergen Unge Venstre |
13 | Atle Hamar | Sunnfjord | Statssekretær |
14 | Kristin Golf | Etne | |
15 | Per Arne Larsen | Bergen | |
16 | Eivind Tokheim | Ullensvang | |
17 | Anne Beth Njærheim | Bømlo | |
18 | Bjørn Tore Sund | Osterøy | |
19 | Peder Lofnes Hauge | Bergen |
Vara:
20 | Jacob Nødseth | Kinn | |
21 | Elin Seim | Voss | |
22 | Elizabeth Toft Erichsen | Øygarden | |
23 | Elias Slåtten | Sunnfjord | |
24 | Astrid Dale | Bjørnefjorden | |
25 | Are Kvistad | Sogndal | |
26 | August Simonsen | Bergen | |
27 | Heine Johansen | Bergen | |
28 | Njaal Neckelmann | Bergen | |
29 | Tallak Rundholt | Bergen | |
30 | Dina Bovim | Kinn |
Fylkesstyret har mynde til å utnemne vara til landsstyret
Dette er valnemnda for Vestland Venstre:
Leiar: Judith Kapstad, Sunnfjord
E-post: [email protected] Mobil: 995 26 822
Medlemmer:
Kariann Myklebust Fagerli, Stad
Arild Raftevoll, Askøy
Kjersti I. Vevatne, Osterøy
Petter S. Ulriksen, Ullensvang
I tillegg møter Unge Venstre med Ole Martini og Venstrekvinnelaget med Siw Bergesen
Varamedlemmer:
1. Grete Line Simonsen, Bergen
2. Anne-Beth Njærheim, Bømlo
3. Gunn Merete Paulsen, Sunnfjord
4. Vigdis Tonning, Sunnfjord