Valkomiteen har klar ei samrøystes innstilling til årsmøtet fredag 24. januar.
– Vi har lagt vekt på å få med mange engasjerte og flinke personar i styret, og vi er spesielt glad for at Hilmar Eliasson har takka ja til å bli ny lokallagsleiar.
Hilmar har vore åtte år i Flora bystyre og har særleg engasjert seg i planutvalet og i miljø og næringssaker. No er han medlem i kommunestyret i Kinn og
i oppvekst og kulturutvalet. Han har lang erfaring frå styrearbeid i frivillige organisasjonar og har ein framoverlent og inkluderande stil, det passar perfekt til jobben.
I styret har vi med mange med lang fartstid i styret, og vi sikrar fornying. No er det opp til årsmøtet, men vi er veldig fornøyd med vår innstilling, seier valkomiteen sin leiar Jacob Nødseth.
Styre
Leiar: Hilmar Eliasson (2 år, ny)
1.nestleiar: Edvard Iversen (1 år, attval)
Medlem: Lasse Seim (2 år, ny)
Medlem: Selma Strand Larsen (1 år, attval)
Medlem: Karoline Korneliussen (2 år, ny)
Medlem: Rune O. Nilsen (1 år, attval)
Medlem: Klaus Iversen (1 år, attval)
Medlem: Jan Henrik Nygård (1 år, attval)
Medlem: Torstein Hagen (2 år, ny)
Medlem: Marit Barsnes Krogsæter (1 år, attval)
Medlem: Åse-Iren Korneliussen (2 år, ny)
Medlem: Sebastian Kvalheim (2 år, ny)
I tillegg deltar følgjande i styret, som ikkje vert vald av Kinn Venstre sitt årsmøte:
Styremedlem (representant frå Unge Venstre): Dina Bovim
Observatør med tale og forslagsrett: Gruppeleiar Jacob Nødseth
Valkomiteen har ikkje innstilt på varamedlemmar til styret, men det er opp til årsmøtet å eventuelt velje desse, som ein i fall bør kontakte på førehand.
Torstein Hagen deltok ikkje under handsaminga av eige kandidatur til styret.
Utsendingar til fylkesårsmøtet til Vestland Venstre på Voss 8.-9. februar 2020
- Edvard Iversen
- Jacob Nødseth
- Hilmar Eliasson
- Åse-Iren Korneliussen
- Sebastian Kvalheim
- Marit Barsnes Krogsæter
(Merk at Jan Henrik Nygård deltar i kraft av andre verv)
Varautsendingar:
- Klaus Iversen
- Njål Eliasson
Styret får fullmakt til å supplere varalista. Ein bør i dette arbeidet strebe etter kjønnsbalanse.
Revisor
Ingrid Kassen (attval)
Valkomité
Valkomiteen skal ikkje foreslå kven som skal sitte i valkomiteen, men påpeikar at Jacob kan ta attval i komiteen, medan dei to andre ikkje er aktuelle til attval. Her må årsmøtet velje komité utan tilråding, så medlemmane vert bedne om å tenke gjennom dette.