Årsmøte i Sogndal Venstre 27. januar

Illustrasjonsbilde av ViteMeir
Slik blir vitensenteret ViteMeir når det opnar i 2021. Ill: ViteMeir, ViteMeir

Måndag 27. januar kl. 19.00 er det årsmøte i Sogndal Venstre på «Herman» på Hermansverk. Møtet er ope for alle.

Vanlege årsmøtesaker. Framlegg til val av styre i lokallaget:

  • Leiar: Are Kvistad (attval 2 år, leiar 1 år)
  • Christen Knagenhjelm (attval 2 år, nestleiar)
  • Jon Asbjørn Målsnes (attval 2 år, kasserar)
  • Sigrid Svartefoss (ikkje på val)
  • Trude Risnes (ikkje på val)

Vara til styret (veljast for 1 år i gongen):

  • Eyvind Øgar (attval)
  • Maria C. Knagenhjelm (attval)

Det er sendt ut innkalling på e-post til medlemmar i Sogndal Venstre. Der følger også forslag til årsmelding for 2019 og revidert rekneskap.

Gjesteforedrag

Før årsmøtesakene vil dagleg leiar Marianne Jevnaker fortelje om vitensenteret ViteMeir som opnar på Kaupanger neste år.

ViteMeir blir eit populærvitskapeleg opplevings- og læringssenter innanfor matematikk, naturvitskap og teknologi, med berekraftig utvikling som overordna profil. https://www.vitemeir.no

Alle er velkomne!