Hareid Venstre og Vanylven Venstre inviterer alle nye og gamle Venstremedlemmar til medlemskveld torsdag 9. januar kl. 18.00 på Skollebakken Aktivitetshus (adr. Skollebakken 6 i Ulsteinvik).
Vi får besøk av stortingsrepresentant Guri Melby. Guri er leiar i programkomiteen for Venstre sitt Stortingsprogram 2021-2025.
Tema for kvelden vert mellom anna:
- Refleksjonar og tankar etter valet 2019 og for 2020 ved Lena Landsverk Sande, ordførar i Vanylven, og Annika Brandal, varaordførar i Hareid
- Kva ynskjer du som medlem for 2020?
- Stortingsprogrammet 2021-2025 ved Guri Melby
Vi vonar medlemmar frå dei omkringliggande lokallaga vil vere attme oss denne kvelden.