TIME VENSTRE
Time Venstre hadde årsmøte torsdag 12. desember i kommunestyresalen på
Bryne med godt frammøte. Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll held fram som
leiar, og med seg i styret får han: Bjarte Solheim, Knut Norddal, Ingebjørg
Undheim, Unni Fuglestad og Åge Fjermestad som styremedlemmar. Anita
Helen Støle, Heidi Håland og Endre Volllsund er varamedlemmar til styret.
Svein Undheim er revisor.
Unni Fuglestad, Bjarte Solheim og Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll vart valde
som utsendingar til fylkesårsmøtet som skal vera i Sandnes 8. og 9. februar.
Ingebjørg Undheim og Åge Fjermestad er varautsendingar.
Årsmeldinga vitna om god aktivitet gjennom 2019: utarbeiding av
kommunevalprogram og planlegging og gjennomføring av valkamp hadde
hovudprioritet. Av andre aktivitetar og markeringar kan ein nemna: var med
på Strandryddedagen ved Reve hamn 4. mai, stands dei tre siste helgene før
valet, stand på Midgardsormen saman med Klepp Venstre, morgonaksjonar på
Bryne stasjon med utdeling av flygeblad. Gjennom året har lokallaget hatt
vitjing av stortingsrepresentant Abid Raja med støtte til Ålgårdsbana,
forskningsminister Iselin Nybø med bedriftsbesøk hjå Aarbakke, og leiar og
kulturminister Trine Skei Grande har vore både i Knudaheio og Garborgheimen.
Ved valet i september fekk Time Venstre 4,3 % av stemmene, Bjarte Solheim
vart fast representant i kommunestyret med Unni Fuglestad som 1. vara. Ved
konstituering etter valet har Venstre samarbeidd med Høgre, KRF og FRP.
Bjarte Solheim har fått fast plass i formannskapet.
Viktige politiske saker som Time Venstre har arbeidd med gjennom 2019 har
vore: Idrettshallar på Bryne i samarbeid med Bryne fotballklubb, noko som
kommunestyret til slutt sa NEI til. Gjennom forhandling har partiet fått
gjennomslag for blant anna halv pris for elbilparkering, oppstart for arbeid med
klimaplan i 2020, sikra midlar til miljørådgjevar og ikkje minst at barnetrygd
ikkje skal verta trekt frå sosialstønad med 50 % kompensasjon ifrå 2022 og 100
% frå 2023.
Bjarte Solheim har i kommunestyret hatt to spørsmål til ordføraren: eit om mink
og eit om sikrare skulevegar og sykkelstiar.
Kvernaland, den 16. desember 2019
Knut Norddal