PROTOKOLL FRÅ ÅRSMØTE I TIME VENSTRE TORSDAG 12. DESEMBER 2019

TIME VENSTRE

Leiar Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll, ønskte velkommen og vel møtt til årsmøtet.
8 medlemmar av 23 som har betalt medlemskontingent for 2019 møtte.
Innkalling med årsmelding og rekneskap som vedlegg var sendt til medlemmane på førehand per e-post.

1. GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKSLISTE.
Innkalling og saksliste vart godkjent.

2. KONSTITUERING: VAL AV MØTELEIAR OG REFERENT.
Val av møteleiar: Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll
Val av referent: Knut Norddal

3. ÅRSMELDING FOR TIME VENSTRE
Leiar Gjert A.S. Bjerkevoll gjekk gjennom årsmeldinga som viste både organisatorisk og
politisk aktivitet gjennom året.
Årsmøtet hadde følgjande merknader og tillegg til årsmeldinga:
– Unni Fuglestad var delegat på landsmøtet.
– Bjarte Solheim: Deltok på debattmøte på språkstasjonen på Bryne våren 2019.
– Ingebjørg Undheim: Var delegat på fylkesårsmøtet i staden for Bjarte Solheim.
– Ingebjørg Undheim: Representerte Venstre på møte arrangert av Røde Kors;
kvinnegruppe, Femira.
– Bjarte Solheim har hatt to spørsmål til ordføraren: eit om mink og eit om sikre
skulevegar og sykkelsti.
– Venstre er med i fleirtalskonstellasjon om budsjett 2020: fått med punkt om miljøplan
og sikra økonomi til miljørådgjevar.
– N.B: Rett skrive namn er : Øystein Røiseland.

Årsmeldinga følgjer referatet som vedlegg.
Vedtak: Årsmelding for 2019 vert samrøystes godkjend.

4. GODKJENNING AV REKNESKAP.

Rekneskapen viser ein balanse på om lag kr 40 000,-. Time Venstre bør prioritera fleire til å vera med på landskonferansen.
Vedtak: Rekneskap for 2019 vert samrøystes godkjend. ( Følgjer som vedlegg )

5. VAL AV STYRE, VALNEMND OG REVISOR.
Styret får slik samansetjing:
Leiar: Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll, ( 2 år )
Nestleiar: Bjarte Solheim ( 1 år )
Styremedlemmar: Ingebjørg Undheim, ( 2 år ), Knut Norddal, ( 1 år ),
Åge Fjermestad, ( 1 år ), Unni Fuglestad, ( 2 år )

Varamedlemmar, alle for eitt år: Anita Helen Støle, Heidi Håland, Endre Vollsund
Styret konstituerer seg sjølv med omsyn til ulike posisjonar og verv i styret.

Valnemnd: Unni Fuglestad og Ingebjørg Undheim med Ingebjørg som leiar.

Revisor: Svein Undheim ( 1 år )
Alle val var samrøystes.

6. VAL AV 3 UTSENDINAGR TIL FYLKESÅRSMØTET I
ROGALAND VENSTRE 8. OG 9. FEBRUAR I SANDNES.
Valde utsendingar: Unni Fuglestad
Bjarte Solheim
Gjert Anders Saltskår Bjerkevoll
Varautsendingar: 1. Ingebjørg Undheim
2. Åge Fjermestad’
N.B. Styret får fullmakt til å supplera varalista.

7. HANDLINGSPLAN FOR TIME VENSTRE FOR 2020.
– Få med fleire frå Time Venstre til landskonferansen.
– Følgja opp programmet med fleire spørsmål og interpellasjonar.
– 2 opne temamøte; eit om våren og eit om hausten.

– Temamøte om klimaplan; kva med å invitera Sveinung Rotevatn. Aktuelle
organisasjonar å invitera ?
– Temamøte om psykisk helse; aktuelle å invitera kan vera Mette Vabø,
kommunestyrerepresentant for Venstre i Stavanger; Carl-Erik Grimstad,
stortingsrepresentant. Organisasjonar som er aktuelle å få med seg ?
– Verva nye medlemmar, ikkje minst i samband med temamøte.
– Flyktningeproblematikken; korleis er det å koma til Noreg som flyktning ?
– Snakka om arbeidstakarane sine rettar¸ kor viktig det er å ha
arbeidstakarorganisasjonar.
– Ha arbeidsprogrammet som agenda på kvart styremøte.
– Følgja saker over tid og få eit eigarforhold til dei.

8. RESOLUSJONAR / POLITISKE SAKER
Årsmøtet vedtok ingen resolusjon. Aktuelle resolusjonar til fylkesårsmøtet kan vera:
– Flyktningar og deira høve til å skaffa seg jobb. Knut lagar eit utkast og sender til
utsendingane til fylkesårsmøtet.
– Vasskvalitet i elvane
– Fiskeoppdrett på land i staden for i sjøen
– Skattlegging av fiskeoppdrettsanlegg.

9. EVENTUELT INNKOMNE SAKER / ORIENTERINGAR
Ingen innkomne saker. Med omsyn til orienteringar viser eg til andre saker i referatet.

Årsmøtet slutt kl 2000.
Kvelden vart avslutta med eit godt måltid på indisk restaurant på torget på Bryne. Time
Venstre betalte maten, kvar betalte si drikke; 8 medlemmar var med.

Kvernaland, den 14. desember 2019

Knut Norddal
Referent