Dette er gledeleg, og eit tydeleg signal på at vår bodskap har nått fram. Regjeringa er no klare til å samarbeide med fylkeskommunar og næringsliv på Vestlandet om å gjere sjøtransporten på Vestlandet fossilfri. Det seier Alfred Bjørlo (Venstre), Noralv Distad (Høgre), Frank Willy Djuvik (Frp) og Trude Brosvik (Krf) på vegne av regjeringspartia i Sogn og Fjordane.
– Det maritime næringslivet på Vestlandet er verdsleiande innanfor ny teknologi for å gjere sjøtransporten fossilfri. Med det nye anbodet på hurtigbåtar som Sogn og Fjordane fylkeskommune har lyst ut, og som Vestland fylkeskommune frå årsskiftet overtar ansvar for, er vi med å utvikle ny teknologi verda til no ikkje har sett. Å lukkast med dette, vil bli avgjerande for å kutte klimautslepp frå sjøtransport også internasjonalt, seier Bjørlo, Distad, Djuvik og Brosvik.
– Vi er glade for at staten no går inn og er med å dekke utgifter til det krevjande, men nasjonalt viktige arbeidet vi no set i gang med utsleppsfrie hurtigbåtar. No er det i neste runde viktig at Vestland fylkeskommune også får kompensert meirutgiftene til driftskostnader i inntektssystemet til fylkeskommunane. Det er ei sak vil vi halde fram trykket på fram mot neste års statsbudsjett, seier Venstre, Høgre, Frp og Krf sine fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane/Vestland fylke.
Kontaktinfo:
Noralv Distad, Høgre SFj/Vestland fylkesting
Alfred Bjørlo, Venstre SFj/Vestland fylkesting
Frank Willy Djuvik, Frp SFj/Vestland fylkesting
Trude Brosvik, Krf SFj/Vestland fylkesting