No er det blitt kjent at Njøs Næringsutvikling får tre millionar kroner over statsbudsjettet. Det er med på å sikra prosjektet på Njøs.
Sogn Avis fortel i dag at Trude Risnes (V) og Frode Bøthun (KrF) melder om at dei har fått gjennomslag i statsbudsjettet for støtte til Njøs Næringsutvikling i Leikanger.
I statsbudsjettet får prosjektet tre millionar kroner, og med denne løyvinga er totalt 21 millionar kroner på plass.
Tildelinga er kome på plass i forhandlingar etter at forslaget til statsbudsjett vart lagt fram. Både Venstre og Krf lokalt har jobba målretta ovafor Stortinget i saka. Spesielt Terje Breivik (V) og Tore Storehaug (KrF) har vore viktige – nettopp for å sikre tilstrekkeleg finansiering.
Sogn Avis skriv at styret i Graminor gjorde hausten 2018 vedtak om å flytta jordbærforedlinga til Njøs for å samla all frukt- og bærforedling i verksemda Norsk frukt og bærsenter. Vedtaket er begrunna i behovet for å rusta opp eit samla fag- og kompetansemiljøet på eit felt der både staten og næringa ser behov for satsing framover.