– Vestlandet har no tatt leiartrøya ikkje berre nasjonalt, men også internasjonalt, innanfor ny grøn sjøtransport. Å få bygd Stad Skipstunnel er avgjerande for å gjere sjøtransport både av personar og gods trygt, stabilt og raskt i framtida. Når Venstre og regjeringspartia no har sikra midlar til vidare planlegging på statsbudsjettet i 2020, har vi klare forventingar om byggestart av Stad Skipstunnel i 2021 seier Venstre sine fylkestoppar i Sogn og Fjordane og Vestland.
Stad Skipstunnel er det einaste store investeringsprosjektet innafor sjøtransport i Nasjonal Transportplan. Stad skipstunnel vil bli 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og 36 meter brei. Prosjektet har ei kostnadsramme på 2,7 milliardar kroner og er fullfinansiert i Nasjonal transportplan med føresett byggestart seinast i 2021.