Nei til driftskonsesjon i Engebø

Vevring og Engebøfjellet. , Foto: Åge Avedal

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne legg fram alternativ høyringsuttale frå Sunnfjord kommune som gjeld driftskonsesjon i Engebø. Saka blir handsama i formannskapet i Sunnfjord kommune onsdag 23. oktober.

Miljøpartiet Dei Grøne og Venstre meiner at:

  • Mineralressursane som blitt tatt ut av Engebøfjellet bør bli utnytta så godt som mogleg for å gje størst mogleg verdiskapning og eliminere behovet for fjorddeponi.
  • Driftskonsesjonen slik den ligg føre gir ikkje god nok utnytting av det som blir tatt ut og må bli avvist.
  • MDG og V vil stå hardt på både i formannskapet og i kommunestyret for å få til eit vedtak som sikrar best mogleg ressursutnytting – utan fjorddeponi.

Last ned den alternativet høyringssuttalen som blir lagt fram for formannskapet 23. oktober (pdf): Driftskonsesjon Engebø, framlegg til høyringssvar

Les høyringsuttalen nedanfor:

DEL 1: INNLEIING

Sunnfjord kommune vil med dette gje vår fråsegn til søknad om driftskonsesjon for Nordic Rutile (NR) sitt gruveprosjekt i Engebøfjellet.

I hovudsak er det tre tilhøve vi vil peike på:

  • Overordna omsyn til miljø og samfunnsutvikling:

Vi er opptekne av å få til løysingar som er underlagt strenge krav til klima- og miljø, samt utvikling av lokalsamfunn og næringsliv. Konsesjonen må tydeleggjere desse krava, og gjere det muleg å stille vilkår til, overvake og etterprøve konsesjonshavar si verksemd. Særleg viktige er omsyna til økosystem i fjorden og på land, nærmiljøet, klimaverknader i eit større perspektiv, mulegheiter for lokal og regional næringsutvikling, lokal sysselsettingsgrad og maksimal utnytting av overskotsmasse. Vi meiner at søknaden slik den ligg føre ikkje tek vare på omsyna nemnt ovanfor i tilstrekkeleg grad.

  • Spesifikke manglar ved kunnskapsgrunnlaget:

I tillegg bygger søknaden på premiss som ikkje er godt nok utgreidd. Særleg gjeld dette manglande utgreiingar knytt til bruk av nye kjemikalier, men også nye opplysningar om økonomiske og driftsmessige tilhøve. Vidare meiner vi at der er manglar knytt til det miljømessige kunnskapsgrunnlaget som ligg ved søknaden om driftskonsesjon, spesifikt kva gjeld økosystema og deira evne til regenerasjon etter avslutta deponering, spreiing av gruveavgang og effekten av nye kjemikalier.

3 ) Ressursutnytting og langsiktig perspektiv

Minerala i Engebøfjellet er ein verdifull ikkje-fornybar ressurs. Vi meiner at det vert lagt opp til ei utnytting av minerala som ikkje er god nok. Vi vil at ein driftsmodell der maksimal utnytting av granat og dei øvrige minerala ligg til grunn. Dette vil truleg krevje ein lavare utvinningstakt, men til gjengjeld gje monaleg lengre driftstid. Det vert hevda at brorparten av verdiene ligg i granaten og at lønsemda i prosjektet er tvilsam utan granat. Det vil ha vesentleg betydning for vurdering av konsesjonssøknaden.

Det følgande er ei opplisting av dei viktigaste forholda som vi meiner krev vidare utgreiing i søknaden, og i vurderinga av denne:

DEL 2: FORHOLD SOM KREV VIDARE UTGREIING

Tilhøvet til lokale reguleringsplanar:
Kommunane Naustdal og Askvoll har begge i år 2011 vedteke «reguleringsplan for rutilutvinning i Engebøfjellet». I tillegg har Naustdal kommune i 2019 vedteke ny detaljregulering Engebø. Detaljregulering Skorva-Engebø, som er under arbeid, skal løyse ut prosessvatn og drikkevatn til NR sitt gruveposjekt, samtidig som ein etablerer løysingar for mjuke trafikantar mellom Vevring og Engebø. NR manglar planvedtak i detaljregulering Skorva-Engebø, noko som får direkte konsekvens for prosjektet.

Omsynet til klima og miljø i driftsplan:
NR legg opp til lågare produksjonsvolum enn det som tidlegare er skissert, der malmproduksjon er 1,5 millionar tonn malm pr. år. Utvinning av rutil er då lågare enn tidlegare estimert. Det vert lagt opp til ein auka produksjon av granat, og ressursutnyttinga er dermed auka i frå ca. 8 % til ca. 20 %. Lågare utvinningstakt og auka utnytting av mineralane gjer at deponivolum vert mindre. Avgangsmassen frå produksjonen er vesentleg redusert i forhold til estimert volum i reguleringsplan/utsleppsløyve.

Driftsplanen må vere slik at ein ikkje tek ut minerala raskare enn ein kan få solgt den volummessig viktige granaten. Vi meiner Direktoratet for mineralforvaltning må sjå på om ein ikkje kan få ein monaleg høgare utnytting, spesielt av granat og kanskje og andre mineral i volumet som er tatt ut.

Slik søknaden ligg føre er det ikkje lagt opp til monaleg tilbakefylling av restmassar. Målsettinga må vere maksimal utnytting av dei massane som vert tekne ut, og at det ikkje er meir igjen enn det som kan fyllast tilbake. Dette kan vi heller ikkje sjå er utgreidd på ein tilfredsstillande måte i konsesjonssøknaden slik den ligg føre. Underjordsdrift er sterkt å føretrekke. Vi kan ikkje sjå at det er tilstrekkeleg utgreidd.

Vi legg til grunn at utvinningsmetodikk og foredling av minerala er basert på god bergfagleg kompetanse. Kommunane meiner likevel at Direktoratet for mineralforvaltning må vurdere om det er grunnlag for betre ressursutnytting (mineral, pukk og næringsavfall) enn det NR legg til grunn for sin søknad om driftskonsesjon. Det er grunn til å tru at ein langt betre utnytting skal vere mogleg. Dette ventar vi vert godt belyst av Direktoratet for mineralforvaltning i sitt svar på konsesjonssøknaden.

Vi forventar at NR synleggjer tiltak for alternativ bruk av overskotsmassar tiltenkt gråbergs- eller sjødeponi. Selskapet må tidfeste konkrete aktivitetar som syner korleis dei lukkast i det arbeidet.

Nasjonalt fokus på klima, og praksis i høve klimanøytral drift er vesentleg endra i åra som er gått etter at tiltaket vart konsekvensutgreidd i år 2011. Det er blitt ei forventning om elektrisk drift på stadig nye område. Vilkår i konsesjonen bør spegle denne utviklinga, og konsesjonen må vere dynamisk. Skal kommunen nå sine utsleppsmål må verksemda vere klimanøytral så tidleg som råd, helst frå anleggsstart. Krav til selskapet må òg omfatte forventning til innovasjon, krav om omlegging til ny og betre praksis etter kvart som teknologi gjer det mogleg, eller at samfunnskrava endrar seg.

Kommunen forventar at NR si drift jamnleg vert vurdert opp mot det som til ei kvar tid er best mogleg drifts- og miljøpraksis innan internasjonal bergverksnæring. Krav til drift må ta utgangspunkt i:

  • Optimal utnytting av minerala rutil og granat.
  • Utnytting av andre mineral som er eller vert drivverdige, avhengig av
    teknologiutvikling og marknadssituasjon.
  • Alternativ industriell utnytting av gråberg, jamfør kapittel om ressursutnytting.
  • Utnytting av avgangsmasse frå prosessanlegg, alternativ til sjødeponi.
  • Kommunen meiner at DMF må fastsetje vilkår slik at selskapet må justere sine
    driftsplanar, der krav om maksimal utnytting av massar må gjelde.
  • I konsesjonshandsaminga må DMF sette krav til i kva grad, og når, det skal krevjast at maskinpark, driftsmaskiner og prosessanlegg vert elektrifisert.

Miljøoppfølging:
I både utsleppsløyve og detaljregulering Engebø (2019) vert det stilt krav om etablering av eit miljøoppfølgingsprogram. Miljøoppfølgingsprogrammet skal godkjennast av både kommune og Miljødirektoratet.

I tillegg til utsleppsløyve har kommunen lagt sterkt fokus på at miljøoppfølgingsprogrammet må omtale verknader på
1. Vegnett og transportsystem
2. Naturmiljø og økosystem
3. Landskap og lokalklima
4. Nærmiljø, friluftsliv og befolkninga si helse

  1. Landbruk
    6. Støy
    Vi er svært opptekne av at selskapet må inneha nødvendig miljøkompetanse til å følgje opp dei miljøkrav som er fastsett av ulike styresmakter. Kommunen meiner at DMF må vurdere miljøkompetansen til NR særskilt.

Uvissa knytt til partikkelspreiing er betydeleg i prosjektet. Vi ser det som svært uheldig at ikkje Nordic Mining frigjev grunnlagsdata knytt til straummålingane slik at det kan verte granska av uavhengige fagmiljø. Vi føreset at desse grunnlagsdata vert gjort tilgjengeleg for aktuelle fagmiljø i tråd med god vitskapleg praksis.

Det har ved fleire høve vore stilt spørsmål som vi ventar vert avklara før driftskonsesjon vert gitt. Dette gjeld spørsmål om:

  • danning av asbest og helsefare knytt til det
  • Konsekvensar av andre prosesskjemikalier som mellom anna SIBX
  • Utlekking av kadmium
  • Fare for spreiing utanfor deponiområdet ved undersjøiske ras/turbiditetsstraumar

Lys, støy og støv:
Lys og støy frå anlegg og aktivitet kan vere sjenerande i eit større område. Kommunane er opptekne av at unødig ulempe skal søkjast eliminert, også i det tilfellet at nivå ligg innanfor normer for tillaten miljøpåverknad. Forholdet vil vere eigna for oppfølging med lokalbefolkning og grendalag. Vi meiner det bør stillast krav om underjordsdrift for å avgrense ulempene for nærmiljøet.

Sysselsetting:
Tal på sysselsette i driftsopplegget er 106 årsverk. Med kortare driftstid vert totalt antall årsverk i driftsperioden mykje mindre enn føresett. Dette må ha konsekvensar for vurdering av den samla samfunnsnytta.

Næring og verdiskaping:
Kommunen er oppteken av at Engebøprosjektet skal bidra til lokal og regional sysselsetting og høg verdiskaping.

Veg og transport:
I rapporten «rammeverk for betre godsdata» peikar SINTEF på at dårleg vegkvalitet er ei hyppig årsak til forseinkingar, verditap, auka kostnader og andre belastningar. Dårleg vegkvalitet og relaterte ulykker vil kunne medføre dårlegare trafikktryggleik samtidig som det utgjer store påkjenningar for sjåførar og næringa.

Storparten av godshandteringa på Engebø vil skje sjøvegen over hamn. Likevel vil prosjektet måtte frakte personell og gods på fylkesveg 611 i anleggs- og driftsperioden. Dette vil vere til ulempe for næringsliv, innbyggjarar og transportnæringa.

Kommunen er difor oppteken av at det må settast krav til at selskapet må etablere gode kollektivløysingar med båt og buss. Utbetring av FV 611 må vere ein føresetnad for driftskonsesjon. Det må stillast krav til vegstandard samt at nødvendige planar og finansiering av dette er på plass før anleggsarbeidet tek til.

Busetting og lokalsamfunnsutvikling:
Etter kommunen sitt syn reflekterer søknaden ikkje i stor nok grad korleis etablering av ny industri vil påverke lokalsamfunnet i Sunnfjord. I medhald av statlege retningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging skal utbyggingsmønster og transportsystem legge til rette for ei kompakt utvikling, som er med på å fremje helse, miljø og livskvalitet.

Naustdal kommune har vedteke kommunedelplan Vevring, som legg til rette for bustadutvikling i nær tilknyting til Engebøprosjektet. Lokal busetnad vil bidra til redusert behov for persontransport og såleis redusert miljøbelasting. Lokal busetting vil kunne skape betre rammetilhøve for det offentlege tenestetilbodet (skule og barnehage) og styrke detaljhandelen lokalt.

Klimaomsyn:
Kommunen er kjend med at Nordic Rutile planlegg for bruk av gass til aktivitetar i og på prosessområdet. Utslepp til luft er regulert i utsleppsløyvet. Samtidig stiller løyvet krav til minimering, uavhengig av øvre terskelverdi. Sunnfjord i sin kommunale plan for klimaomstilling set ambisjon om 40% reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Vi veit at teknologisk utvikling og mulegheiter for karbonkompensasjon gjev gode mulegheiter for å verte klimanøytrale, i eit raskare tempo. Dette bør vere målsettinga, også for anleggsverksemda. Kommunen meiner at ei oppfølging av denne problemstillinga bør bli ein sak for handsaminga av driftskonsensjon, og at det må innarbeidast tydelegare krav til dette.

Statleg medverknad:
Stort masseoverskot som fylgje av mineralutvinning er ei generell bransjeutfordring, og særleg ulemper knytt til transport og volum. Det må stillast strenge krav til utnytting av restmassar slik at ein sikrar optimal utnytting av ein ikkje-fornybar ressurs. Det må også arbeidast med insentiv for å ta i bruk restmassar, slik som t.d. tilskot, skattefordelar ved bruk av restmassar til andre formål. Dette bør kombinerast med satsing på forskning og utvikling. Målet må vere at alt som ikkje utnyttast vert deponert i gruva, slik at ein heilt unngår fjorddeponi.

Kommunane er ikkje nøgd med at regimet for eigedomsskatt er endra slik at selskapet yter mindre til kommunen. Også ei skattlegging av grunnrente bør vurderast for denne type prosjekt. Skal mineralnæringa få gode insentiv til å redusere sitt miljømessige fotavtrykk, må den statlege og private FOU-innsatsen aukast og rammevilkåra forbetrast.

DEL 3: FRÅSEGN OM SØKNAD OM DRIFTSKONSESJON

Etter ei heilskapleg vurdering av Nordic Rutile sin søknad om driftskonsesjon for gruvedrift i Engebøfjellet, vil Sunnfjord kommune kome med følgande høyringsuttale:

  • Sunnfjord kommune er positiv til gruvedrift i Engebøfjellet.

Vilkåra er at konsesjonen stiller strengast mulege krav til ei økonomisk og miljømessig forsvarleg drift, som også gjev positive ringverknader i lokalsamfunn og næringsliv. Konsesjonen må innehalde krav som gjer det muleg å overvake, følge opp og etterprøve konsesjonshavar si verksemd. Sluttresultatet må ta omsyn til økosystema i fjorden og på land, nærmiljøet, klimaverknader i eit større perspektiv, mulegheiter for lokal og regional næringsutvikling, lokal sysselsettingsgrad og maksimal utnytting av overskotsmasse. Søknaden slik den føreligg tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til desse aspekta.

  • Sunnfjord kommune er negativ til deponering av gruveavfall i fjorden.

Generelt er dei miljømessige konsekvensane for dårleg opplyst, til dømes økosystema si evne til regenerasjon etter avslutta deponering, spreiing av gruveavgang og effekten av nye kjemikalier. Vidare manglar søknaden viktige utgreiingar knytt til bruk av nye kjemikalier. Det er heller ikkje gjort greie for miljømessige konsekvensar av endra økonomiske og driftsmessige føresetnader, til dømes lågare volum av gruveavfall til deponering. Søknaden slik den føreligg har såleis ei rekke manglar i det miljømessige kunnskapsgrunnlaget. Dette bør vere relevant også ved handsaming av driftskonsesjonen.

  • Sunnfjord kommune meiner at utnyttinga av mineralressursen ikkje er god nok.

Drifta må dimensjonerast slik at det vil vere marknad for dei minerala som vert tatt ut og som har samfunnsmessig verdi. Spesielt gjeld dette den økonomisk og volummessig viktige granaten, men og andre restmineral. Det ser for oss ut til at ein optimal utnytting av ressursen og kan vere foreinleg med tilbakefylling av all restmasse, og dermed gje eit langt betre prosjekt for miljøet. Vi meiner at utnyttinga av minerala ikkje er god nok slik konsesjonssøknaden ligg føre, og at dette åleine bør føre til avslag.

Konklusjonen vår vert at søknaden slik den føreligg ikkje kan innvilgast.