Kven skal styre nye Vestland Venstre?

Illustrasjon: Pixabay

Frå nyttår vil dei gamle fylkeslaga Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre formelt bli til det nye Vestland Venstre og det første årsmøtet i Vestland Venstre haldast 8. og 9. februar 2020 på Voss. Blant dei viktigaste sakene årsmøtet skal behandle, er val av styre i det nye, samanslåtte fylkeslaget. Valnemnda tek no til med sitt arbeid og ønskjer å høyre di meining om kven som skal leie Vestland Venstre dei neste to åra. Nemnda ønskjer også å høyre kva medlemmene tenkjer bør vere hovedfokus for styret dei neste to åra.

Valnemnda skal innstille på fylkesstyre, intern revisor og landsmøtedelegatar.

Ønskjer du å stille til val som ein del av leiinga i Vestland Venstre? Eller har du forslag til personar valnemnda bør vurdere for eit verv? Klikk deg inn på skjemaet nedanfor og gje dine innspel.

Lurer du på hva du kan stille til, så finn du ei kort forklaring av dei ulike verva lenger ned på denne sida.

Alle innspel er velkomne, og viktige for at valnemnda skal ha oversikt over ressurspersonar som kan gjere ein innsats for partiet i åra som kjem.

Innspel til valnemnda sendast inn via dette skjemaet

NB! Om du har fleire kandidatinnspel, så må du sende inn fleire gonger.

Frist for å komme med innspel i første omgang er onsdag 6. november

Nemnda tek i mot innspel både frå lokallag og frå enkeltmedlemmer

Dette er valnemnda for Vestland Venstre:

Judith Kapstad

Leiar: Judith Kapstad, Sunnfjord
E-post: [email protected]

Medlemmer:
Kariann Myklebust Fagerli, Stad
Arild Raftevoll, Askøy
Kjersti I. Vevatne, Osterøy
Petter S. Ulriksen, Ullensvang

I tillegg møter Unge Venstre med Ole Martini og Venstrekvinnelaget med Siw Bergesen

Varamedlemmer:
1. Grete Line Simonsen, Bergen
2. Anne-Beth Njærheim, Bømlo
3. Gunn Merete Paulsen, Sunnfjord
4. Vigdis Tonning, Sunnfjord

Valnemnda vi ha møte og vere til stades på LPN-samlinga i Bergen 9. – 10. november, så om du deltek der har du ei ekstra sjanse til å gje innspel.

Styret i Vestland Venstre skal ha leiar, to nestleiarar og fire styremedlemmer, samt fire varamedlemmer. I tillegg møter ein representant for Vestland Unge Venstre og og ein for Venstrekvinnelaget fast i styret. Alle vil normalt få dekka alle kostnadar med møteverksemda til styret og det er venta at det med ein større geografisk region blir lagt opp til fleire video-/telefonmøte enn det som har vore tidlegare.

Landsmøtedelegasjonen er Vestland Venstre sine utsendingar til Venstre sitt landsmøte. Landsmøtet haldast i 2020 frå fredag 17. april til søndag 19. april. Delegatar må ha moglegheit til å reise bort heile helga når landsmøtet haldast. Talet på utsendingar blir rekna ut etter talet på betalande medlemmer per 31. desember.

Ønskjer du å delta på Vestland Venstre sitt årsmøte på Voss i februar? Det er lokallaga som vel sine delegatar til årsmøtet. Ta kontakt med lokallagsleiar.