Venstre-gjennomslag for breiband og hurtiglading

Foto: Rebecca Amber

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i dag å løyve 10 millionar kroner ekstra til breibandsutbygging og 2 mill kr til å få fleire hurtigladestasjonar for elbil i Sogn og Fjordane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

– Venstre er svært glade for at eit samla Fylkesting i dag gjekk inn for desse løyvingane, som Venstre har gått i bresjen for og som vart røysta ned av fleirtalet på Fylkestinget i juni. Det seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo i Venstre si fylkestingsgruppe.

– 10 millionar ekstra til breiband betyr at mange bygder i Sogn og Fjordane no kan få tilgang til høghastigheits breiband i løpet av kort tid. No har vi ein reell sjanse til å nå målet om full breibandsdekning til folk og næringsliv i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2020. Det har vore ei kampsak for Venstre, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo.

– Vi er også glade for at det no omsider kan bli meir fart på utbygginga av hurtigladestasjonar i Sogn og Fjordane, slik Venstre saman med Høgre og MDG tok initiativ til på Fylkestinget i juni 2019. – Med den raske utskiftinga av bilparken som no er på gang, og nye elbilar med stadig lenger rekkevidde, er det viktig at elbil kan bli eit fullgodt alternativ også i distrikta. Sogn og Fjordane har i dag berre knapt 70 hurtigladestasjonar. Vi må opp i om lag 200 ladestasjonar innan 2025 for at folk skal ha god tilgang til hurtigladign over heile fylket, og unngå «ladekø» der det er mest trafikk, seier Berge Stang og Bjørlo i Venstre si fylkestingsgruppe.

– Venstre vil også i nye Vestland fylke vere ein pådrivar for å fullføre det store løftet som no er på gang for å gi tilgang til breiband for alle, og for å gjere transporten på Vestlandet utsleppsfri innan 2030, seier Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, som begge skal representere Venstre på fylkestinget også i Vestland fylke dei neste fire åra.

 

Kontaktpersonar:

Alfred Bjørlo, Fylkestingsrepresentant for Venstre: Mobiltlf +47 480 82 652

Gunhild Berge Stang, Fylkestingsrepresentant for Venstre: Mobiltlf +47 976 53 785

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**