Takk til alle som røysta på Venstre!

Benedikte Holmberg og Hallvard Bjørneset utgjer den nye kommunestyregruppa til Volda Venstre, vv

Tusen takk til dei 327 veljarane som røysta på Venstre ved årets kommuneval! I prosent fekk Venstre 5,9 – noko som gav to mandat i kommunestyret. Målet var minst tre mandat, men slik vart det ikkje. Den nye kommunestyregruppa er samansett av Hallvard Bjørneset og Benedikte Holmberg. Vi er trygge på at dei to vil gjere ein solid jobb i kommunestyret.

På varaplass finn vi i rekkefølgje: 1. Brynhild Lund Notøy, 2. Idar Flo, 3. Sindre Furland, 4. Hjalmar Eiksund, og 5. Knut Nautvik.

Fordelinga av plassane i formannskapet, er framleis ikkje avklara. I følgje “Møre” er det gjort ein avtale mellom Ap, Sp, Sv, Mdg og Rødt som til saman utgjer eit knapt fleirtal på 17 representantar i kommunestyret. Desse fem partia kaprar dermed fem plassar i formannskapet. Då er der fire plassar att å fordele mellom Høgre, Krf, Venstre, Voldalista og Frp. Desse har i alt 16 medlemmer i kommunestyret. Det er såleis ingen automatikk i at Venstre vert representerte i formannskapet dei neste fire åra. Vi kan berre oppnå representasjon via støtte frå eitt eller fleire av dei andre partia.

Etter planen skal det veljast ny kommunal valnemnd tysdag 1. oktober. Sjølve konstitueringa med val av formannskap, ordførar, varaordførar og andre kommunale/interkommunale nemnder, utval og styre er fastsett til torsdag 24. oktober.