Alfred Bjørlo og Gunhild Berge Stang inn i Vestland fylkesting for Venstre

Foto: Rebecca Amber

Eit skuffande valresultat på 3,5 prosent ved fylkestingsvalet ga berre 2 mandat til Venstre. Etter finteljing av alle personstemmer er det klart at det blir Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid (Stad), og Gunhild Berge Stang frå Fjaler som skal representere Venstre i Vestland fylkesting dei neste fire åra. Bjørlo rykka opp frå ein fjerdeplass på lista og kapra det første mandatet etter å ha å fått heile 1611 personstemmer. Dei to har saman sete i Sogn og Fjordane fylkesting for Venstre inneverande periode.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**