Semje om avtale i Sunnfjord kommune

Forhandlingsdelegasjonane til Sp, H, V, KrF og MDG., Foto: Fellesbilde

Onsdag 11. september vart Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Miljøpartiet dei Grøne samde om ei valteknisk avtale som gjeld politiske verv i Sunnfjord kommune.

KrF, Venstre og MDG har stått samla i dei møta som har vore etter valet, og vart invitert til forhandlingar av Høgre og Senterpartiet onsdag kveld. Dei tre sentrumspartia har ikkje vore invitert inn i forhandlingar med andre parti, men hadde møte med fleire av dei andre partia valnatta. Der presenterte dei tre partia sine samla forslag til løysingar.

For KrF, Venstre og MDG har det i forhandlingane vore viktig å sikre politiske verv med god påverknadskraft. MDG og Venstre får éin representant kvar i formannskapet og KrF leiar i hovudutval for oppvekst. KrF får også 1. vara til formannskapsplassane til MDG, Venstre og Høgre, og Høgre 2. vara til desse.

Gjennom avtalen vart Olve Grotle ordførar og Jenny Følling varaordførar. Høgre får to plassar i formannskapet. Senterpartiet får tre plassar i formannskapet og leiaren i hovudutval for samfunn, næring og kultur.

Det er krevjande å skulle bygge ein ny kommune samtidig som vi skal sikre oss ein sterk posisjon både i Vestland fylke og nasjonalt. I avtalen blir det også slått fast at vervet som varaordførar skal vere ei heil stilling, men med reduksjon for andre verv. KrF, MDG og Venstre meiner dette gir oss styrke og stor kapasitet til å jobbe politisk både i kommunen og utoverretta. Løysinga med varaordførar i heil stilling har også vore løfta i møte med andre parti.

Både MDG, KrF og Venstre er inne i kommunestyret med to mandat kvar, og er fornøgd med gjennomslaga vi fekk i forhandlingane med Sp og Høgre. Vi skal lykkast med å bygge ein ny kommune og for oss er det viktig med eit godt samarbeid med alle politiske parti i Sunnfjord kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**