Val-mottoet mitt «Gje meg ein sleng, elles får du deng» har kasta av seg. Eg takkar og bukkar for alle som har kryssa og slengt meg inn i det komande kommunestyret, skriv Alice Gudheim på Facebook. Med 22 slengjarar og 15 personstemmer tok ho den einaste kommunestyreplassen for Venstre.
Det var Svein Erik Lunde som stod oppført i toppen av Venstre si liste i Øystre Slidre, men då teljinga var gjort opp, vart han vara og Alice Gudheim fekk kommunestyreplassen. Lars Kristian Dalen står som nummer tre og Trond Rogne som nummer fire.
Mange slengjarar
«Gje meg ein sleng, elles får du deng», var utan tvil humoristisk meint, men det gav utslag. Alice Gudheim fekk altså 22 slengjarar, som den neste beste i Øystre Slidre. Berre Ove Skaret i Arbeidarpartiet var betre, med sine 33 slengjarar.
Svein Erik Lunde fekk 21 slengjarar og 11 personstemmer, som dermed vart fem stemmer for lite mot Alice.
– Eg hadde ingen store forventningar, men eg var jo klar over at eg kunne bli vald inn ettersom eg stod på andreplass på lista. Det er jo moro då, seier Alice når avisa Valdres ringer.
På Facebook skriv ho at ho «gler seg til å bli litt klokare i åra som kjem».
– Eg er fersk politikar og melde meg inn i Venstre i vår, forklarar ho.
Les meir i Avisa Valdres her!