Volda-ungdomen fortener noko meir enn ordinære klasserom

Volda Venstre

Under overskrifta “Kulturhus må liggje i sentrum, skule må få vere skule”, argumenterer Sverre Leivdal, Volda Ap, for at eit nytt kulturhus skal byggast på Samfunnshustomta.

At vi politikarar brukar mykje energi på kulturhus i denne valkampen, er kanskje i seg sjølv eit paradoks. Siste månadene har det vorte klart for dei aller fleste at Volda kommune må bruke midlane sine med kløkt viss det ikkje skal gå ut over dei lovpålagde oppgåvene som pleie, omsorg, helse og skule. Store prosjekt som ny ungdomsskule og nytt symjeanlegg er det brei semje om må prioriterast i komande kommunestyreperiode.

Vi er alle utolmodige etter å få ny ungdomsskule, symjehall og nytt kulturhus. Dessverre har kommunen ikkje økonomisk bereevne til på starte opp alle desse prosjekta i komande kommunestyreperiode. Lovpålagde oppgåver må kome først, og då må nytt kulturhus vente.

Volda Venstre vil få vurdert bygging av kulturhus som eit byggetrinn 2 til Volda Ungdomsskule, for å spare tid og pengar, og få meir skule og kultur for kvar krone. Dette vil gi eit mangfald av nye mogelegheiter. På same måte som Operahuset på Eid kan elevar og lærarar bruke kinosal, folkebibliotek og andre delar av kulturhusdelen som ekstraordninære undervisningsrom. Aktivitet frå morgon til kveld.

I staden for å peike på mogelegheitene som ligg i ei slik samlokalisering, påstår Leivdal at det her kan verte potensielle konfliktar i samband med ymse arrangement. Både på Eid og fleire andre stadar der ein har samlokalisert skule og kulturhus, har ein klart å kombinere dette utan at det har skapt praktiske problem. Tvertom så har det gjort samordning og drift enklare, og skapt sterkare fellesskap i bygda. Det kan vi sjølvsagt også klare i Volda!

Det er ein del argument i lesarinnlegget til Leivdal eg har problem med å svelge, mellom anna at det vert lang avstand frå ferjekaia. Eg gjekk på noverande Volda Ungdomsskule i tre år, og gjekk dei 10 minutta det tek å gå strekninga frå ferjekaia til ungdomsskulen kvar skuledag, ein overkommeleg avstand. Eg har i mange ti-år pendla frå Folkestad til Volda sentrum, både til skule, arbeid, kultur, handel og fritid. Funksjonane som tidlegare låg i sentrumskjernen, er no spreidde til Ørsta, Furene, Rotset – og etter kvart bli no Volda Campus Sparebank1 Arena utbygd på Joplassen. Ein hall som truleg også får samlokalisering med nytt symjeanlegg. Svært mange overfartar med ferja er med bil, då det er eit større geografisk område som må besøkast enn tidlegare.

Sentrum utvidar seg, og er ikkje det same som den gongen Samfunnshuset vart bygt. I den samanhengen er det verdt å merke seg at det er kortare avstand mellom ungdomsskule-tomta og handel på Spinneriet enn mellom Samfunnshuset og Spinneriet! Vi skal bevare sentrumskjernen, men må samtidig akseptere at Volda endrar seg og bli større i omfang. Området ungdomsskulen, Joplassen og Myrane med ungdomsskule, symjeanlegg, idrettshall blir eit sentralt område for aktivitet for barn og vaksne. Og viss det går som vi håper, vil også ny tunell frå Furene til Volda (Voldatunellen) kome her.

Det som er positivt er at dei fleste partia vil ha eit nytt kulturhus i Volda om nokre år. Det er demokratiet og økonomien som vil bestemme når dette skjer. Det vi også er samstemte om er funksjonane eit slikt hus skal ha; folkebibliotek, kinosalar, kantine, ungdomsklubb og storsal. Eg reknar med at kort veg til parkering, Volda Campus Sparebank1 Arena og ikkje minst nærleik til kulturskulen som er lokalisert til Øyra skule også tel positivt med.

Volda Venstre vil prioritere ny fullverdig Volda Ungdomsskule og nytt symjeanlegg i komande periode, så får vi starte med å legge til rette for kulturhus som byggesteg 2.

Hallvard Bjørneset – ordførarkandidat for Volda Venstre