Meir pengar til RV 52 – viktig gjennomslag for Sogn

Når regjeringa no løyver vidare planleggingsmidlar for å utbetre RV 52 Hemsedalsfjellet, så er det tydeleg signal om at RV 52 blir prioritert og skal vidareutviklast som hovudveg for næringstransport aust-vest. Me står samla i dette kravet, og er svært nøgde med gjennomslag! Det uttaler lokallaga for regjeringspartia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Krf i Sogn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Infografikk vegsatsing
Regjeringas pengar til utbedringar på RV 52 styrkar vinterregularitet og tryggleik.

Med løyvinga for 2020 blir det vidare planlegging og utbetring av delstrekningar, som styrkar tryggleik og at trafikken kjem lettare fram, ikkje minst vintertid.

– Me må ha føreseielege og trygge samferdsleløysingar i og ut av regionen. Her er RV 52 svært viktig, seier Gunnhild Bøyum, leiar og kandidat for Sogndal Høgre, Trude Risnes, ordførarkandidat for Sogndal Venstre, Rita Navarsete, toppkandidat for Sogndal Frp og Margrete Haug frå Sogndal Krf.

Løyvinga for 2020 vil gå til førebuing og ev. anleggsstart for delstrekninga over Hemsedalsfjellet. Arbeidet omfattar bl.a kantforsterking, skråningsstabilisering og dreneringstiltak.

På høgfjellet vil det også bli gjort tiltak for å betre tilhøva og regulariteten på vinteren, bl.a med ledelys og og fresegate. Budsjettet kjem til Stortinget i oktober, då får me alle detaljane.

– Me veit at det er sett av minst 60 mill. til dei nye tiltaka, i tillegg til at det ligg midlar til igangsette tiltak, heiter det i den felles pressemeldinga frå lokallaga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**