Lesarbrev: Masfjorden treng ein ny bustadpolitikk

Foto: iStock

Masfjorden Venstre vil fremja ein meir aktiv bustadpolitikk, skriv Tove Kristin Sleire Tistel og Per Einar Langhelle i Strilen 4. september.

Folketalet i Masfjorden går ned. Den positive tendensen me har hatt nokre år, har snudd. Fødselstalet minkar og utflyttinga aukar. Venstre meiner at kommunen treng ein annan strategi dersom ein tenker seg å snu utviklinga. Konkurransen om ungdommane er hard. Me må satsa på å få fleire av ungdommane våre til å busetja seg her. Då må me ha tiltak som gjer det lettare for dei å velja Masfjorden.

Venstre meiner at me ikkje berre kan satsa på det private initiativ dersom me skal få bustadbygginga opp. Det er sjølvsagt nødvendig å spela på lag med grunneigarane, men det er ikkje nok. Det ser ut til at kommunen må spela ei meir aktiv rolle og vera villig til å investera meir i tilrettelegging av bustadområde. Det skal ikkje mange nye familiar til før innbyggartilskotet veg opp for denne investeringa.

I dei tre krinssentra må det vera tilgjengelege tomter til ei kvar tid. Kommunen har ei viktig rolle som reguleringsmyndigheit, men han må òg ha ei hand på rattet for å styra utviklinga og stimulera bustadbygginga. Kommunen må vera villig til å investera meir i bustadområde dersom ikkje folketalet skal halda fram med å gå nedover. For å få fleire til å gå/sykla til skulen, må kommunen i tillegg vera villig til å forskottera gang og sykkelveg i samband med nye bustadområde nær skulane. Dermed vil ein få ein tryggare skuleveg og også oppnå ein miljøgevinst.

Venstre vil fremja ein meir aktiv bustadpolitikk når det nye kommunestyret startar arbeidet sitt. Difor er det viktig å stemma Venstre ved kommunevalet.

Ordførarkandidat 2019 Tove Kristin Sleire Tistel
Per Einar Langhelle, andrekandidat for Masfjorden Venstre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Lenke til nettsaka i Strilen