Kommunereform for ostringane sitt beste

Vidar Pedersen, 3. kandidat Osterøy Venstre
Vidar Pedersen

I politikk dreier nesten alt seg til sjuande og sist om økonomi. Andre verdiar er sjølvsagt viktige, men det er først og fremst gjennom økonomien politikarane verkeleggjer prioriteringane sine.

I Osterøy kommune er det lenge sidan politikarane har kunna gjere slike prioriteringar i særleg monn. Med ein økonomi som er så stram som for kommunen vår, er politikarane sitt handlingsrom avgrensa til å unngå eller minimere kutt heller enn å ta dei store løfta. Det er rett og slett ikkje pengar til å prioritere positivt, slik det burde vere.

Som alle andre parti har også vi i Venstre prioriteringar i programmet vårt, men vi tar den økonomiske situasjonen inn over oss når vi seier at vi vil skjerme oppvekstsektoren mot kutt, heller enn å love gull og grøne skogar. Det er veldig mange tiltak vi gjerne skulle ha løyvt meir pengar til, både i denne og andre sektorar, men den brutale sanninga er dessverre at det finst det ikkje midlar til. Resultatet er m.a. høg eigedomsskatt, forfall i kommunale bygg og nærast stillstand i utvikling av tenestetilbodet for innbyggjarane. Kor vart det for eksempel av den nye skulen på Valestrand, som skulle komme som eit resultat av skulenedleggingane for nokre år tilbake? Den var det dessverre ikkje pengar til, sjølv om dei fleste partia gjekk inn for å byggje den. Så da vert det gammalt skulebygg og paviljong i overskodeleg framtid for elevane på Valestrand og omegn.

Når Osterøy Venstre så tydeleg går inn for kommunesamanslåing er det fordi vi vil det beste for innbyggjarane her – vi set folk først og ikkje administrative strukturar. Når vi treffer på veljarar som lurer på om det er nokon vits i å røyste i kommunevalet fordi det ikkje finst rom til å gjennomføre lovnadene partia gir likevel, er vi komne dit at det lokale folkestyret er i fare. Dette illustrerer at også for lokaldemokratiet på Osterøy er ei kommunesamanslåing det beste, sjølv om ofte det motsette vert hevda.

Vi i Venstre ønskjer at folk på Osterøy skal kunne røyste på politikarar og parti som faktisk har ei moglegheit til å påverke samfunnsutviklinga og utvikle eit tenestetilbod som er minst like godt som i andre kommunar. I dag sit ein og administrerer kutt, og kommunen stagnerer på område etter område. Den utviklinga må snuast, og det klarer dessverre ikkje Osterøy på eiga hand. Dei som seier noko anna, lover ganske enkelt for mykje. Som veljar bør du etterspørje konkret kva grep desse politikarane vil ta når dei ikkje vil gå inn for ei kommunesamanslåing.

Godt val!

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**