Kandidatar for Luster Venstre
Jon Ove Lomheim, Kjetil Melheim, Sandhya Karlsen Holene, Einvald Søreide Erichsen, Jannike Skår, Abdirahman Abdullahi Dahir
(innlegget sto først på trykk i Sogn Avis 3. September)
Luster Venstre har mål om også å vera representert i neste kommunestyre med kandidatar som kan gjera ein forskjell og prioritere saker på lag med framtida. Som listekandidatar for Venstre prioriterer me ombodsrolla for alle innbyggarane og ønskjer at kommunen skal vera trygg og god kommune for alle, og ikkje minst trivast å bu i. Venstre vil også i neste periode vera garantist for å prioritera saker som betyr noko for enkeltmenneske, natur og miljø. Venstre satsar på folkehelsearbeid og auka førebyggande tiltak i staden for å reparera. Pensjonistar og dei trygda, med tilrettelegging av kommunen, kan også vera ein ressurs for kommunen og gje betre tenestetilbod. Frivillige organisasjonar er avgjerande for gode kulturtilbod og trivsel. Difor prioriterer Venstre meir midlar til det frivillige arbeidet enn resten av kommunestyret. Nokre kroner i offentleg støtte her gjev det mangedobbelte igjen av tilbod og kvalitet. Kommunen har generelt gode tenester, men kan bli betre med bruk av ny teknologi og løysingar utan ekstra kostnad og i fleire tilfelle rimelegare. Helse- og omsorgstenesta skal framleis ha høg kvalitet. Kommunen har god økonomi, unik natur og mykje lokale ressursar, men bør forvaltast betre og miljø- og klimautfordringar må takast meir på alvor. Venstre vil vera på lag med barnefamiliane der omsynet til borna veg tungt for trygg heim, barnehage, skule og oppvekstmiljø elles. Såleis vil Venstre arbeide vidare for å få fleirtal for mellom anna:
- God skule med tilbod i barnehage og skulefritidsordning (SFO) som har meir fleksibel tilrettelegging for foreldra i høve heim, arbeid og fritid
- Rimelegare betalingssatsar i barnehage og SFO
- Meir midlar til trafikktryggleik og dei frivillige organisasjonane
- Utvida sommarjobbtilbodet i kommunen til fleire enn 16-og 17-åringane
- Auke talet på lærlingplassar minst 50 % i høve til dag
- Prioritera landbruket som viktig næring, men med betre jordvern og høgare utnytting der dyrka areal må takast i bruk til utbygging
- Ta vare på våre på vår unike natur og nytta våre lokale ressursar meir for framtida
- Skapa arbeid for alle og legge vekt på tiltak og teknologi som er meir miljøvenleg og gjev meir «grøn vekst»
- Prioritera trygg og god vassforsyning for fleire
- Meir førebuing og tiltak som tek på alvor endringar i klima, ekstremvær og kan hindra eller redusera skadeomfang ved flaum og ras
Med eit sterkare Venstre i kommunestyre får barnefamiliar, dei unge og det frivillige arbeidet i organisasjonane meir prioritet og ikkje minst framleis ha talspersonar som set miljø- og klimautfordringane på agendaen i Luster også.